Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kvinnelege sjefar tener 41.500 mindre

Del | |
LINDÅS: Blant dei 50 avdelingssjefane i Lindås tener dei kvinnelege i snitt 41.500 mindre enn mennene. No vert Likestillingsombodet kopla inn.
Publisert 15.02.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Då me rekna på dette, må eg berre vedgå at me vart overraska, seier Inger Helen Midtgård. Ho er lokalleiar i Fellesorganisasjonen (FO) i Lindås.

Fagforeninga omfattar barnevernpedagogar, sosionomar og vernepleiarar. No er medlemene der lei kommunen sin lønspolitikk.

 

«Liten vilje»

Den store skilnaden kom fram i ei undersøking i samband med dei lokale forhandlingane i fjor haust.

Den viser at kvinnelege avdelingssjefar i snitt tener 41.500 kroner mindre per år enn menn med same stillingsnemning. Den store skilnaden er tatt opp i eit brev til Likestillings- og diskrimineringsombodet i Oslo.

FO kan ikkje sjå at den store skilnaden står i forhold til talet på tilsette sjefane har under seg, talet på brukarar og andre objektive kriterier.

 

Rektorar inkludert

«Som fagforening har me teke dette opp i dei lokale lønsforhandlingane, men opplever liten vilje frå kommunen si side til å gå inn i dette», heiter det i brevet.

Håpet er at Likestillings-

ombodet vil sjå på saka og medverka til ein meir rettferdig lønspolitikk i Lindås.

Inger Helen Midtgård opplyser at 50 avdelingssjefar er med i undersøkinga, inkludert alle rektorane i kommunen. Av dei 50 er 22 menn og 28 kvinner.

? For rektorane har eg inntrykk av at storleiken i elevtal og tal tilsette på skulane spelar sterkt inn ved lønsplasseringa, seier Midtgård.

Ho opplyser elles at det kommunale likestillingsutvalet har fått kopi av brevet og står fritt til å ta opp saka.

Rådmann Henrik Flatøy, som snart går av med pensjon, meiner kommunen må sjå nærare på tala.

? Skilnaden verkar ganske stor, var Flatøy sin umiddelbare reaksjon i går.

Men rådmannen ville ikkje utan vidare gå god for tala Fellesorganisasjonen har lagt fram.

? Me bør rekna gjennom tala. Det vert også eit spørsmål kva avdelingssjefar som kan samanliknast. For rektorane spelar ikkje berre storleik på skule inn. Tidlegare lønsforhandlingar påverkar naturleg nok også korleis ein vert plassert, seier Flatøy.

 

? Tek tid

? Alt i dag dreg kommunen inn fleire moment under lønsforhandlingane, meiner Flatøy. Men han seier også at det tek tid å utjamna historiske skilnader i lønn mellom kvinner og menn.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt