Kyrkje-arbeidet ligg bak skjema
Fellesrådet treng kontantar frå kommunen for å unngå at framdrifta med Knarvik-kyrkja stoppar opp. Oppstart er no tidfesta til januar.
Endret 30.08.11 13:42
– Me hadde nok alle håpa på ein tidlegare byggjestart. Erfaringar frå andre stader viser likevel at å byggja kyrkjer er svært komplisert.
Det seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes etter at formannskapet førre veke vart orientert om den siste framdriftsplanen.
Der kom det og fram at kommunen truleg må forskottera eit større beløp for å dekka ubetalte rekningar og vidare framdrift.
Ville starta i 2010
«Målet er å få til byggjestart helst i løpet av 2010», uttalte ordføraren til Strilen i mars 2009.
No står det «Byggjestart januar 2012» i siste oppdatering frå kyrkjeleg fellesråd, som står som byggherre med kommunal lånegaranti.
– Eg held meg no til at kommunestyret kan gjera det endelege vedtaket i desember, og at arbeidet kan starta opp i januar, seier Aarhus Byrknes.
– Fellesrådet får ei oppdatering om framdrifta frå prosjektleiinga i eit ekstramøte 6. september, opplyser leiaren i fellesrådet, Kåre Gaulen.
Han meiner dei berre er tre månader på etterskot etter sitt skjema.
– Er det for optimistisk å rekna med byggjestart i januar?
– Det er det vanskeleg for meg å uttale meg om no.
Trur ramma held
Med omsyn til kostnad har politikarane sett ei ramme på 75 millionar, inkludert kring fem millionar i grunnarbeid
I siste informasjon til formannskapet heiter det at «det er fullt mogleg å gjennomføra prosjektet innafor dei rammer som er lagt til grunn, herunder turvande andel til uforutsette/reserve-kostnader».
Anboda på kyrkja vil fellesrådet avklara i ein konkurranse mellom aktuelle utbyggjarar innan første veka i november. Dersom det held, vil formannskapet vita prislappen til sitt budsjettmøte på Voss 17. november.
– Frå politisk nivå har me vore tydeleg på at ramma på 75 millionar står fast. No får me berre venta og sjå kva anbod som kjem, seier ordføraren.
Når det gjeld gåver, er det innbetalt og gjeve tilsagn om kring 1,2 millionar kroner, blant anna til stolar. Fellesrådet trur summen kan aukast vesentleg innan utgangen av 2011. «Det kan gje rom for kostnader som så langt ikkje er lagt inn i prosjektet, til dømes orgel», heiter det i meldinga til formannskapet.
Store ubetalte rekningar
Formannskapet vart torsdag også orientert om at Fellesrådet no har 1,2 millionar i ubetalte krav frå arkitekt og konsulentar.
Fellesrådet har gått ut frå at lån skulle dekka planarbeidet, som inngår i totalkostnaden. Men lån kan ikkje takast opp før prosjektet er godkjent av Kyrkjedepertementet.
Prosjektansvarleg Åge Clausen strekar under at dette ikkje er meirforbruk, men forseinka opptak av lån.
I tillegg til det som er ubetalt, vil planlegginga ut året koma på 1,4 millionar. Dermed ser det ut til at kommunen inntil vidare må stilla opp med 2,6 millionar for at arbeidet ikkje skal stoppa opp.
– Me har bede rådmannen leggja fram ei ekstra sak om dette, opplyser ordføraren etter formannskapet sitt møte.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





