Laber interesse for å verta «kvalitetskommune»
Endret 20.08.07 10:49
Så langt er 29 kommunar valde ut i første pulje i kvalitetskommune-programmet, som er eit samarbeid mellom staten, arbeidstakarorganisasjonane og KS.
Kommunane skal arbeida med utviklinga av kvalitet i møtet med innbyggjarar i oppvekstsektoren og innan pleie/omsorg. Redusert sjukefråvær er eitt av måla. Omstillinga skal vera ein del av den daglege drifta og ikkje eit skippertak, heiter det i uttalen frå Austrheim-lærarane.
Laber interesse
Prosjektet legg opp til eit nært samarbeid mellom leiing, organisasjonar og medarbeidarar. Kommunar som deltek, skal jobba i nettverk og få fagleg støtte.
Men frå kommunane i Nordhordland har interessa så langt vore laber. Kort fortald har ingen søkt om å få vera med, får Strilen opplyst i KS. Etter søknad innan 15. februar i år vart Fjell, Sveio og Vaksdal tatt med i prosjektet frå vårt fylke. Dessutan har Os, Askøy og Odda søkt. Neste søknadsfrist for å vera med går ut 1. september.
Målet er at halvparten av kommunane i heile landet skal delta i kvalitetskommune-arbeidet.
Tida inne
Utdanningsforbundet i Austrheim ser fleire grunnar til at deira kommune må vera med. Det vert vist til at etter år med kutt i fleire sektorar, er tida inne for ei sterkare satsing på kvalitet og kompetanse. Det vert og argumentert med «uheldige faglege implikasjonar» etter lokale forhandlingar.
No er det oppsamla underskotet snart betalt, skatteinntektene aukar og kommunen står framfor ei ytterlegare utbygging på Mongstad. For tida er innbyggjartalet på veg opp, og Utdanningsforbundet trur den utviklinga vil halda fram.
Lærarane ser for seg store utfordringar på personalsida og brukar det som eit viktig argument for å tilrå at Austrheim vert med i prosjektet med kvalitetskommunar.
? Vil vurdera nøye
? Det er lite eg har sett meg inn i dette, seier ein for tida ferierande ordførar Ole Lysø. Han henviser til rådmannen, som heller ikkje har sett seg inn i kva prosjektet går ut på.
? Det manglar ikkje på slike prosjekt som me kan gå inn på. Så dette må me vurdera nøye før me tek ei avgjerd, seier rådmann Jan Olav Osen. Han svarer «Å, ja?», når Strilen opplyser at første søknadsfrist var 15. februar i år. Men Osen seier ein vil ha tid til å vurdera å søkja innan neste søknadsfrist.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





