Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Lær kinesisk i Knarvik

Del | |
LINDÅS: Elevar ved Knarvik vidaregåande kan læra kinesisk frå hausten av. Knarvik vert den einaste vidaregåande skulen i landet med eit slikt tilbod. ? Kina er verdas raskast veksande økonomi, og landet er allereie ein viktig handelspartnar for Noreg. Difor er det absolutt ein fordel å ha folk som kan kinesisk, seier rektor Inge Alver.
Publisert 26.02.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Til hausten startar skulen opp med undervisning i mandarin, det offisielle og mest brukte språket i Kina. Elevar kan då ta kinesisk som tredje framandspråk. Det vert undervisning fire timar i veka dei to første skuleåra.

Lokal effekt
? Det er mange lokale verksemder som samarbeider med Kina som kundar eller leverandørar. Det er viktig å kunna språket om ein skal olja dette samarbeidet. Det vil og vera ein fordel å forstå dei kulturelle skilnadane, seier Alver.
Tilbodet gjeld elevane som tek studiespesialiserande utdanning, tilsvarande tidlegare allmennfag. Desse kan ta kinesisk som tredje framandspråk. Men dersom ein skal læra å skriva kinesisk, krev det at ein lærer mange tusen teikn. Difor kjem elevane først og fremst til å læra kinesisk med vanlege, europeiske bokstavar.
? Dei kjem nok til å læra nokre kinesiske teikn og, men ein rekk ikkje gjennom alt på to år, seier rektoren.

Også spansk
Inge Alver trur språkopplæring i kinesisk kan vera til nytte for samfunnet og næringslivet i Nordhordland. Knarvik vidaregåande vil og starta opp med spansk.
? Også spansk er eit forretningsspråk som er i rask framgang, seier han.
Spansk vert nytta av nesten 270 millionar menneske, og er offisielt språk i nitten land. Tala vert likevel små om ein samanliknar med kinesisk: Av dei 1,3 milliardar innbyggjarane i Kina, snakkar kring ein milliard mandarin. Språket står sterkt i dei nordaustlege delane av Kina, og særleg i Beijing. Mange millionar menneske i andre land i Asia kan også snakka mandarin.

Ti prosent
Knarvik vidaregåande har frå før undervisning i engelsk som første framandspråk, og fordjuping i engelsk. Som andre framandspråk kan elevane velja mellom tysk og fransk. Her byggjer ein vidare på det språket ein lærte på ungdomsskulen.
Tredje framandspråk lærer ein heilt frå grunnen av på vidaregåande. Her har det i Knarvik berre vore tilbod om tysk, men no kan ein og velja kinesisk eller spansk.
? Me skal klara å få tak i lærekrefter, slik at tilbodet startar opp så sant mange nok elevar vil ha det, seier Inge Alver.
Han reknar med at minst tolv elevar bør velja kinesisk for at faget skal verta ein realitet i Knarvik. Skulen får frå hausten av fire førsteklassar, med meir enn 110 elevar til saman. Vel ti prosent av elevane kinesisk, kan ein høyra mandarin frå klasseromma frå hausten av.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt