Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Låg utdanning gjev dårlegare karakterar

Låg utdanning gjev dårlegare karakterar

Del | |

AUSTRHEIM: Elevane i Austrheim skårar dårleg på karaktersnittet. Kommunen forklarar det delvis med at foreldra har for lite utdanning.

Publisert 23.08.11 12:55
Endret 23.08.11 12:55

– Tal frå SSB viser at det som sterkast styrer karakternivået til skuleborna, er utdanningsnivået til foreldra, sa driftssjef i Austrheim Olav Mongstad då han i førre veke forklarte kommunestyret kvifor Austrheim-elevane kjem dårleg ut i statistikken.

Karaktersnittet vart tema i kommunestyret på grunn av at Per Lerøy (Ap) hadde varsla spørsmål om Austrheim-elevane si dårlege rangering.

– Skulen er sjølve funda-mentet for god samfunnsutvikling, og ein innsats retta mot skulen kan hindra at folk hamnar i Nav-systemet seinare i livet, sa ein engasjert Per Lerøy.

– Gitt at ein kjem frå ein heim der skulefag ikkje ligg lengst framme i panna, korleis kan skulane kommunisera med heimane og påverka til at skulearbeidet vert prioritert høgare enn det vert i dag?

Standpunkt og eksamen
Grunnskulepoenga er summen av alle karakterane elevane får på vitnemålet, og omfattar såleis både standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.

Mongstad la fram tal i kommunestyret som viser at Austrheim-elevane skårar mykje betre når det kjem til skriftleg eksamen.
Eksamen vert avgjort meir eller mindre likt frå skule til skule, standpunktkarakterane meir avhengige av den enkelte læraren.

Medan kommunen ligg på 31. plass i Hordaland for grunnskulepoeng i 2010, hoppar elevane opp til 20. plass for skriftleg eksamen i norsk hovudmål, og 16. plass for skriftleg eksamen i norsk sidemål. I 2009 var Austrheim nummer 32 i Hordaland på grunnskulepoeng, medan elevane klarte ein tredjeplass for skriftleg eksamen i matematikk, viser materialet Olav Mongstad la fram. Også for munnleg eksamen er resultata betre enn grunnskulepoenga skulle tilseia.

Verta snillare?
– Dette med karaktersetting har vore nemnt før, og at det er andre kommunar der lærarane er snillare og mindre presise. I Austrheim går elevane opp frå standpunkt til eksamen, i andre kommunar går elevane ned i karakter, sa Per Lerøy i ein kommentar til Mongstad si utgreiing.

– Hadde det vore mogleg å setta eit mål om at karakterane skal følgja ei gausskurve, og når så ikkje skjer så kan skulane komma til kommunestyret og be om ekstramidlar, sa Lerøy, som er på jakt etter løysingar som raskt kan løfta karakternivået i Austrheim-skulane.

Det er vanleg å seia at karakterane i ein klasse over tid skal følgja ei gausskurve, der dei fleste plasserer seg rundt midten, og med færre og færre elevar både mot toppen og botnen av skalaen.

Ba om million
Driftssjef Olav Mongstad peika på nokre moglege årsaker til at Austrheim ikkje kjem bra ut på rangeringa etter grunnskulepoeng. Men noko raske løysingar hadde han ikkje i ermet.

– Dette er ei oppgåve der skulane og heimane må ha ein tettare dialog, og samarbeida for å betra elevane sine resultat.

Driftssjefen ønskjer seg meir kunnskap, men det kostar pengar.

– Eg kunne og tenkt meg at kommunestyret løyvde ein million kroner kvart år til på driva forsking og utvikling i Austrheim-skulen, sa driftssjef Olav Mongstad, som naturleg nok ikkje venta å få svar over bordet.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt