Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Låge tunnelar lagar lange omvegar

Del | |
GULEN: Undals-tunnelen på Rv 57 i Gulen er berre 3,9 meter høg. Det skapar store problem for godstransporten.
Publisert 30.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Når me skal frakta gods mellom Dalsøyra og Eivindvik, må me køyra heilt rundt Duesund, Kringla og Brekke. Det vert ein omveg på eit par timar, fortel sjåfør Stian Johansen i Byrknes Auto AS til Strilen.
Grunnen er at Undalsunnelen mellom Dalsøyra og Leversund berre er 3,9 meter høg, medan bilane til Byrknes Auto er 4,08 meter.
Same problem har sjølvsagt andre som nyttar like høge bilar som Byrknes Auto.

Høvla ned
? Me har teke saka opp med Statens vegvesen, men ingenting er gjort, seier Johansen.
Han meiner det er såpass lite senking av tunnelen som skal til at ein kan klara det med å høvla ned asfalten. Det er lagt stadig nye lag med asfalt oppå kvarandre.
Byrknes Auto har overteke godstransporten over land til heile Gulen.
? Hadde det ikkje vore for denne tunnelen, kunne me hatt rute til Eivindvik tre dagar i veka, ikkje berre to som no, seier Johansen.
Han fortel at det har hendt at kundar har køyrt gjennom tunnelen til sørsida og henta godset hos dei der for å spara omvegen.

Større arbeid
? Det må truleg meir til enn å høvla ned asfalten, seier senioringeniør Gunnar Gjæringen i Statens vegvesen region Vest til Strilen.
Han fryktar at sjølve vegbana i tunnelen må senkast, og det kan verta eit ganske stort arbeid.
? Me kan ikkje leggja asfalten rett på fjellet. Dessutan må det vera drenering på begge sider av vegbana, forklarar han.
Tunnelen er 590 meter lang, så det er ein god del arbeid som skal til.

Inn på plan
? Eg er heilt samd i at det skaper problem at tunnelen er så låg, og noko burde vore gjort, men så langt ligg det ikkje pengar i nokon plan til dette, seier Gjæringen.
Han oppmodar både lokale firma og kommunen til å pressa på, slik at senking av tunnelen kjem inn i Nasjonal Transportplan (NTP).
? Riksvegtunnelar som er under fire meter høge, står på ei eiga liste for å fokusera særskilt på desse, fortel han.
Men inntil vidare må nok Byrknes Auto og andre med høge bilar, finna seg i å køyra omvegar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt