Landås ny rådmann i Radøy
RADØY: Jarle Landås er tilsett som ny rådmann i Radøy kommune.
Endret 17.12.11 01:54
Det var eit samrøystes kommunestyre som gjorde tilsettinga på møtet i dag torsdag.
- Eg gler meg til å ta fatt på jobben, seier Landås, som meiner Radøy er ein interessant kommune å få vera med på utviklinga av.
- Organisasjonen ser ut til å vera full av pågangsmot og humør.
Landås er i dag tilsett som assisterande rådmann i Osterøy kommune, og har tre månaders oppseiingstid der. Det er ikkje klart i dag når han tek til i jobben på Radøy.
Fram til Landås tek til som ny rådmann etter Christian Fotland, som er rådmann i Lillehammer kommune frå 1. januar 2012, skal Leif Taule vera konstituert rådmann. Taule er i dag assisterande rådmann i Radøy.
Jarle Landås er tilsett i fast stilling , med ei årsløn på 820.000 kroner.
Det var i alt tolv søkarar til jobben i Radøy. Kommunen hadde hjelp av konsulentvefrksemda Kommunal Rekruttering til å finna fram til rett kandidat.
Dagens rådmann har vore tilsett på åremål. Ordførar Jon Askeland seier at Kommunal Rekruttering rådde til at ein no nytta fast tilsetting, og at det også er haldninga til Kommunenes Sentralforbund, KS.
- Trenden no er å gå vekk frå åremål til fast tilsetting, seier Askeland, og viser til at formannskapet var innstilt på å gjera om Christian Fotland si tilsetting frå åremål til fast jobb, i samband med at åremålet hans skulle ha vore oppe til ny forhandling i desse dagar. Slik vart det altså ikkje, etter som Fotland flyttar til Lillehammer.
Askeland viser til at kommunen vil ha ansvar for å tilby retrettstilling også for rådmenn som er tilsett på åremål, slik at det ikkje erså stor forskjell på fast tilsetting eller åremål.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





