«Landbruksareal» stoppar nye tomter
Endret 20.08.07 10:49
? Etter avtalen skulle eg ha fått betaling i 2003, seier
Johan Martin Mangerøy (72). Tre år seinare viser han Strilen rundt i utmarka si
på Urhaug på Manger, som fylkeslandbrukssjefen står fast på må vera
landbruksareal.
Det dreiar seg om lyng og eine, knausar og rabbar som er
definert som «utmarksteig».
? Dette kan vel ikkje vera til noko anna enn tomter? spør
grunneigaren. Men fylkeslandbrukssjefen har sagt nei to gonger. Dette har
kommunen definert som landbruksareal, så her kan det ikkje koma tomter, er
tilbakemeldinga.
Denne saka har også vorte handsama i departementet, utan at
kommunen har fått medhald der heller.
Sjølv la Mangerøy ned drifta av garden for seks år sidan då
han vart pensjonist. Han har ingen som vil ta over.
? Slåttebøen heime har eg folk som haustar, men utmarka har
ikkje vore i bruk på lenge, seier Mangerøy.
Det han peikar ut over, er litt myr og litt knausar, det
meste overgrodd med eine og lyng.
? No tek det til å minka på ledige tomter i kommunen sitt
felt. Og skråninga der borte bør no eigna seg godt for bustader, synest
Mangerøy.
Avtalen han har inngått med kommunen, omfattar heile utmarka
på 48 mål.
? Det er vel berre eit spørsmål om tid før kommunen kan
oppfylla avtalen, trur jordbrukssjef og miljøvernleiar i Radøy kommune Asbjørn
Toft.
Han forhandla i si tid fram avtalen med Mangerøy. Og Toft
legg ikkje skjul på at han ikkje ser nokon som helst landbruksverdi i arealet.
Det er absolutt ikkje til noko anna enn tomter, som kommunen treng fleire av på
Manger.
Men problemet er at kommunen ikkje har fått endra
kommuneplanen. Og i den har området status som landbruksareal. Og det er det
Fylkeslandbruksstyret held seg til.
? No jobbar me med å revidera kommunedelplanen for Manger,
seier Toft. Der skal utmarka omdefinerast til tomteland. Og så står det att å
sjå om det resulterer i eit meir positivt svar frå høgare hald i
Fylkeslandbruksstyret.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





