Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Lanserte senter på Hosteland

Del | |
MASFJORDEN: Hosteland bør kunna ha senterfunksjonar både for Masfjorden og Gulen, meinte Liv Oda Dale (Ap) i kommunestyret torsdag. Framlegget vekte debatt.
Publisert 28.04.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Kommunen må undersøkja om Magnar Ulvatn har kontorplass for  til dømes PPT, barnevern og NAV-kontor, føreslo Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat Liv Oda Dale i kommunestyret torsdag.
Ho så for seg at det på Hosteland kan byggjast opp ei fagmiljø både for Masfjorden og Gulen. Kanskje lensmannen og kunne flytta inn i same bygget?
? Det er viktig at me får til  noko robust som kan gje varige arbeidsplassar, sa Dale,
som tok saka opp i samband med at kommuenstyret skulle løyva 1,2 millionar kroner til prosjektet «Lokalsamfunnsutvikling i Masfjorden».

I andre sitt bed
Framlegget førde til ein lengre debatt i kommunestyret.
? Det er flott at me har tru på oss sjølve og ser Masfjorden som eit alternativ for senterutvikling, sa Ivar Holmaas (V).
Men samstundes kan eit slik framlegg verta oppfatta som å trakka i andre sine bed. For i Gulen pågår det ein debatt om det skal utviklast eit nytt senter der, til dømes i Eidsbotn. Og sentrale styresmakter har signalisert at samarbeid om NAV-kontor over fylkesgrensene er lite aktuelt.
Ein har også nett gått inn i eit PPT-samarbeid med kommunane i ytre Sogn og Sunnfjord, og det inneber ei desentralisert løysing, der PPT har folk i alle kommunane. I Masfjorden er denne stillinga no plassert på kommunehuset på Sandnes.

Delprosjekt
Etter kontakt mellom dei ulike partigruppene kom ein fram til eit foreslag som vart samrøystes vedteke. Der heiter det at kommunestyret ønskjer at det vert oppretta eit delprosjekt for lokalsamfunnsutvikling på Hosteland. Kommunestyret seier og at Hosteland bør vera ei godt alternativ for å utvikla felles privat og offentleg tenesteyting for Masfjorden og Gulen.
Kommunestyret vedtok og at det vert set ned ei arbeidsgruppe som skal starta arbeid  med ein reguleringsplan for Sandnes. I kommunestyret vart det opplyst at der er private aktørar som er interesserte i å leggja ut tomter viss der er tilgjengeleg areal.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt