Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Lekkasjar ved Nordbygda skule

Del | |
MASFJORDEN: Eit toalett er stengt på Nordbygda skule på grunn av lekkasjar i golv og vegg. Både golvbelegg og vegger må rivast for å fjerna fuktproblema.
Publisert 06.12.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Det har vore klaga på luktproblem på toalettet ei tid, men det var først i haust me sette i gang systematiske undersøkingar for å finna ut kor problema stamma frå, seier Karstein Totland til Strilen.

Totland er tilsett i kommunen med ansvar for vedlikehaldet av dei kommunale bygga.

Først fann ein ut at ein luftekanalen frå toalettet var tett, og ein trudde at det var det som var bakgrunnen for problema. Men lekkasjen heldt fram, og då viste det seg at eit varmtvassrøyr i golvet var fullt av hol og. Denne lekkasjen hadde også forplanta seg inn i eitt av klasseromma.

 

Stengt

? Me har no stengt toalettet og rive opp golvbelegget i det klasserommet som var berørt. Men her var det berre snakk om det eine hjørnet som hadde fått litt fuktskade, så rommet er i bruk, fortel Totland.

Ein hygieneteknikar frå Miljøretta helsevern har vore og sett på saka, og det var etter råd frå henne at klasserommet ikkje vart stengt. Men det vart ikkje gjort målingar for muggsopp i klasserommet.

No må alt av øydelagd treverk og anna bygningsmateriale fjernast og erstattast, og Totland reknar med at utgiftene vil overstiga kommunen sin eigenandel på forsikringa, som er 50.000 kroner. Saka er teken opp med forsikringsselskapet.

 

Som normalt

Når det gjeld luftekanalen som er tetta med steinull, har den nok stått slik sidan tilbygget vart sett opp for om lag 20 år sidan. Men Totland ser ikkje nokon grunn til å leita etter syndebukkar så lenge etter.

? Lekkasjane har ikkje noko særleg å seia for drifta av skulen, sidan det ikkje er snakk om klasserom som er stengde, seier Liv Oda Dale ved skulen til Strilen.

Det eine rommet er også eit naturfagrom, som ikkje er så mykje i bruk.

Ein har heller ikkje informert foreldra om lekkasjane sidan det ikkje har vore mistanke om helseskade.

? Men me har forklart borna om lekkasjane og bakgrunnen for det arbeidet som vert utført, seier ho.

Det pågår for tida også anna vedlikehaldsarbeid på skulen. Vindaugene i deler av bygget vert mellom anna skifta ut.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt