Let pengane rulla til nye barnehagar
Endret 20.08.07 10:49
Det var Tore Svendsen (SV) si oppsummering i levekårutvalet tysdag.
Men som leiar av møtet vart han ståande muttens åleine. Det som i førre møte var ei samrøystes tilråding mot sal, var no snudd til klart fleirtal for å selja Haugen og byggja ny barnehage på Juvikstølen for om lag 135 born.
Saka vert i dag drøfta i formannskapet, før kommunestyret avgjer om Lindås skal opna lommeboka for ei nokså omfattande barnehageutbygging i 2007.
Skjer det, kan kommunen ha sjanse til å oppfylla regjeringa sitt mål: Full barnehagedekning i løpet av neste år.
Som innleiing til ein lang og heftig debatt viste Leidulv Brunborg til at Ap-gruppa, etter grundige drøftingar, no har akseptert sal av Haugen barnehage. Western Geco treng dette arealet til parkeringsareal, og i debatten vart det uttrykt frykt for at kommunen kan missa bedrifta dersom ikkje kommunen hjeper til med ekstra areal. Men vilkåret frå Ap er at både born og tilsette frå Haugen får plass i ein ny Juvikstølen barnehage.
Debatten stod som før blant anna om kommunen skal byggja og driva sjølv eller sleppa private til. Dermed vart det først og frem ei replikkveksling mellom Ap og Høgre, representert ved May Eva Sandvik.
Støttar rådmannen
Utfallet etter avrøystinga ser likevel ut til å vera klart: Eit fleirtal av politikarar støttar i grove trekk rådmannen sitt opplegg:
? Planane for Juvikstølen barnehage vert utvida til om lag 135 plassar. Auka kostnad vert avklara i eiga sak.
? Haugen barnehage vert selt til Western Geco til best mogeleg pris. Tilsette og born får plass i den nye Juvikstølen barnehage.
? Det vert bygd ny kommunal barnehage i Eikanger-området. Noverande barnehage på Ostereidet, der leigeavtalen går ut om knapt to år, vert avvikla når den nye barnehagen står klar.
? Utbygginga av ny kommunal barnehage i Alversund vert å planleggJa i samband med planlegging av utnytting av Alversund skule. Der vert det ledig plass når elevar frå neste haust skal overflyttast til Knarvik ungdomsskule. Men i Alversund vil heile levekårutvalet og ha vurdert ein ny barneghage skilt fysisk frå skulen med eige uteområdet.
Mindretalet i utvalet, Høgre og Frp, vil helst la private ta seg av utbygginga av nye barnehagar.
Stiv pris
Prislappen på ny barnehage i Juvikstølen uroa fleire politikarar. Men som administrasjonen innser dei at høgkonjunkturen i byggjebransjen kjem til å kosta ekstra.
Å gå opp i 135 plassar, kan gje ein prislapp på 32 millionar kroner. Til samanlikning er det langt meir enn halvparten av kva Nordhordlandshallen i si tid kosta.
I Knarvik er behovet for nye plassar vurdert til mellom 120 og 150, i Alversund er det ei underdekning på om lag 40 plassar, i Ostereidet-krinsen på knapt 20 plassar.
I debatten kom det elles fram at det har vore drøftingar mellom kommunen og eigarane av misjonen sin Knarvik Barnehage. Eigarane må her vurdera om dei vil ha ein annan plass enn i dagens lokale like ved senteret.
I så fall må ein del av avtalen truleg verta at kommunen stiller opp med ny tomt ein annan stad i Knarvik.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





