Leto-Elin månadens etablerar
HUNDVIN: Ser du flotte kjolar merka med Letodesign, så kjem dei frå systova til strålande Elin.
Endret 08.06.12 11:03
Månadens etablerar:
• Region Nordhordland – Nordhordland Utviklingsselskap IKS starta i mars med å kåra månadens etablerar.
• Kåringa er eit samarbeid med Etablerarsenteret i Region Bergen som presenterer månadens verksemd.
• Kåringa skal synleggjera etablerarane i regionen og få ut dei gode historiene om dei.
• Tidlegare tittelerte:
Mars: Elisabeth Tonheim frå Lindås med verksemda Heilt originalt.
April: Kai-Robin Kleppe frå Osterøy med verksemda L7.no.
--------------------------------
Å bruka sveinebrevet sitt som kjole- og draktsyerske til å starta for seg sjølv, er ein draum Elin Gaulen har hatt i over 20 år.
No tryllar ho fram den eine kjolen lekrare og morsommare enn den andre, både til liten og stor.
Elin og sambuaren Ole overtok Gaulen gard på Hundvin for to år sidan.
Løa er blitt systove og butikk, men golv og veggar var så vidt på plass før symaskina flytta inn.
– Eg elskar å vera kreativ, og eg elskar å jobba med hendene, seier ho.
Alt for kunden
Elin har også gått eit år på klede, mote og design.
Ho stortrivst som klededesignar og har etter kvart eit ganske stort utval av kreasjonar i ulike fargar og storleikar.
I tillegg kan kundane bestilla kva dei vil.
Vil dei ha noko litt ut her, litt inn der, litt kortare her og litt lenger der, så er ikkje det noko problem heller.
– Det er kundane som bestemmer.
Dei skal helst vera meir enn fornøgde når dei går ut frå Letobutikken.
Plagget skal passa og vera slik dei sjølv ønskjer både i fasong, størrelse og fargar, seier ho.
I butikken har ho også eit utval av andre tekstilar og gåver for dei som ikkje ønskjer kjolar. Utleie av stoltrekk til bryllaup er eit eksempel på det, fortel ho.
Fekk drahjelp
Leto betyr strålande, det tyder namnet Elin også.
Men ho har ikkje alltid vore like strålande som ho er no. I alle fall ikkje den tida ho var i Nav-systemet.
Der fekk ho omskolering innan multimedia, noko som var ganske fånyttes då det ikkje fanst jobbar.
Men då ho fekk ein sakshandsamar som trudde på draumane hennar, endra alt seg. Sidan har Elin stråla som ei sol.
– Eg fekk det avgjerande sparket bak, våren 2010.
Då gjekk eg på etablerarverkstaden i Næringshagen på Mongstad.
Der fekk eg hjelp til å utvikla ideen til eiga verksemd, seier ho.
Nesten alltid ope
Sidan løa er både arbeidslokale og butikk, er butikken hennar så og seia alltid open.
Og for at ingen skal vera i tvil kor det er, har sambuaren laga eit sabba skilt ved Fylkesveg 57.
– Løa ligg berre eit par hundre meter frå hovudvegen, så det er berre å svinga bortom, seier ho.
Elin likar også å ha demonstrasjonar både i butikken og heime hjå folk.
I tillegg sel ho kjolane sine gjennom ein butikk på Austlandet.
– Eg jobbar stadig med å få til samarbeid med fleire forhandlarar, men det går seg til, smiler den blide sydama.
Elin er sjølvsagt også frampå på internett og har si eiga heimeside med nettbutikk: www.leto.no
ELSKAR Å SY: I tillegg til det ho har sydd til butikken, syr Elin på bestilling kva det måtte vera. Det er berre å spørja.
- Ikkje la oss betala rekninga!
MELAND: Tilsette i reinhald- og vaskeritenesta i Meland demonstrerte utanfor rådhuset onsdag. Dei fryktar for jobbane sine.
Vil gje Skodvin utsetjing
LINDÅS: Nedlegging av den kommunale Skodvin skule bør utsetjast eitt år, meiner eit klart fleirtal i levekårsutvalet i Lindås (bilde).
Radøyløpet vart folkefest
Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Frantzen (nr. 60) raskast.
Folkemøte på Byrknes
GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.
Ayla måtte avlivast
MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.
Lathi på Everest for andre gong
Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Ayla måtte avlivast [19.05.13 21:46]
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Mongstad evakuert [07.05.13 14:07]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]



