Lindåasingar får billegare vatn
Endret 20.08.07 10:49
Med frå Statoil var også Svein Gunnar Nesse, samt rådmann Henrik Flatøy, kommunalsjef Kåre Jordal og avdelingsleiar John Bauge frå kommunen.
Avtalen frå 1985 har til no gjeve raffineriet på Mongstad vatn til rundt kroner 3,20 per kubikkmeter. Frå nyttår må ein av Lindås sine største kundar den same prisen som oss andre: Kr 8,66 per kubikkmeter.
For Statoil Mongstad inneber prisauken kring tre millionar kroner på årsbasis. Rådmannen sin signatur av avtalen kom på plass ved ein enkel seremoni på rådhuset torsdag.
Ti prosent billegare
For vanlege forbrukarar i Lindås gjekk vassavgifta ned med ti prosent frå 1. januar - til kr 2.165 per år. Frå 1. januar 2006 går avgifta ytterlegare ned 10 prosent, som eit direkte resultat av at Statoil må betala meir.
Lovverket seier nemleg at kommunale vassverk skal drivast på «non-profit»-baisis. Kom-munane må leggja fram rekneskap som viser at avgiftene dekkjer akkurat reelle utgifter.
? Om nokon måtte meina at Statoil har vorte subsidiert, så er i alle høve det historie no, seier Ivar Hopland. Han gjorde det klart at dei som styrer dei største vasskranane på Mongstad, vil få klare instruksar om å vera meir sparsamelege. Til no har billeg drikkevatn nok ført til litt sløsing der industrivatn kunne vore nytta.
? Det vert litt enkelt å hevda at innbyggjarane har subsidiert Statoil. Då avtalen vart inngått i 1985, hadde Statoil eigne anlegg som kommunen kunne overta, seier John Bauge. Han har følgd og planlagt Lindås si vassverkutbygging gjennom 20 år. Men han legg ikkje skjul på at Statoil, med skarpskodde juristar frå Oslo, forhandla seg fram til ein gunstig avtale for 20 år sidan.
Greie forhandlingar
? Me har sett at den nye og dyrare avtalen måtte koma. Forhandlingane med kommunen har vore greie, seier Ivar Hopland.
Både han og kommunen sine folk legg vekt på at samarbeidet går knirkefritt. Ein periode med knapt med vatn på 1980-talet var tonen frå tid til anna litt anstrengt.
Vatn til gasskraftverk
Ivar Hopland viser til at prisen Statoil no må ut med, ligg om lag i same gata som selskapet betalar andre stader.
? Me måtte forventa å betala den prisen som kommunen kan ta etter lovverket, seier Hopland. Både han og avdelingssjef Bauge opplyser at det er vurdert løysingar som vil gje nok vatn også om det vert bygd gasskraftverk på Mongstad.
? Elles får Lindås no att for å vera tidleg ute med større investeringar innan vassverk. Me kan setja avgifta ned, medan andre kommunar er på veg oppover med sine avgifter, seier John Bauge.
Ved sida av Statoil, er Austrheim kommune og Norsk Hydro Lindås sine største vasskundar. Basen på Mongstad Sør forsyner i dag 15 plattformer i Nordsjøen. Mange av kundane som treng vatn offshore, føretrekkjer vatn levert via Mongstad på grunn av god kvalitet på vatnet.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





