Lindås og Modalen klar for nye bompengar
Endret 20.08.07 10:49
Dei 14 som røysta mot forslaget var dei sju frå FrP, begge frå SV, Audun Stusdal, Nils-Arne Træland og May- Eva Sandvik frå Høgre og Magne Frammarsvik frå Ap. Når alle kommunestyra i regionen har handsama saka, går ho vidare til fylkestinget. Vert det ja også der går søknaden vidare til handsaming i Stortinget. Så langt er det Meland, Modalen og Lindås som har hatt oppe saka. Forslaget til fleirtalet i representantskapet i regionrådet vart altså vedteke i Lindås i ettermiddag, medan det vart nei i Meland onsdag.
Fleirtalet i Lindås støttar søknad om løyve til bompengefinansiering av Nordhordlandspakken fase 1, med følgjande tilføyingar og presiseringar:
? Det skal arbeidast for at Nyborgtunnelen blir realisert snarast.
? Utbetringa som skissert for riksveg 570 i Masfjorden kommune skal vera inkludert i fase 2.
? Bom 2 på grensa Lindås/Radøy vert teken ut av planen.
? Prinsippet for finansiering av planen bør vera at staten skal bidra med minimum 50 prosent.
Steile frontar
Som vanleg var frontane for og mot nye bompengar steile. Som venta framstod Magne Frammarsvik som einaste mot frå Ap. Han viste til programformuleringa at «Ap vil at bompengar på Nordhordlandsbrua ikkje vert vidareført når brua er betalt» i programmet ved valet i 2003. Å gå for pakken vart for han eit brot med programmet.
? Den urettferdige innkrevinga gjer at eg går mot. Pakken råkar heilt tilfeldig mot dei som har jobben sin sørom fjorden. Dei andre som køyrer på arbeid internt i Nordhordland, slepp unna, sa Frammarsvik. Han skulda resten av gruppa si og andre som var for, for å vera landevegsrøvarar, umoralske og maktovergriparar.
Løyser tidlegare
? Å seia ja er å løysa vegtiltak langt tidlegare. Å seia ja er å følgja næringslivet sine ønskje. Ein bompengepakke er heilt nødvendig i høve til milliardinvesteringar på Mongstad og i Knarvik, argumenterte Sveinung Valle på vegner av fleirtalet i Ap-gruppa. Han møtte som vara for Eldbjørg Valle. Sveinung Valle viste til at mange vegpakker er på gang i Hordaland, slik at kampen om statlege vegmidlar vert hardare og hardare. Han viste også til at nye bompengar først er aktuelt frå 2010, og Ap sitt nye program for denne perioden er positivt til bompengar.
Varsellampar
? Me drøfta fleire vegpakker i fylkestinget. No drøftar me Nordhordlandspakken, og nyleg vart ein pakke for ferjefritt samband Bergen-Stord lansert. Bør det ikkje ringja varsellampar i kloke lokalpolitiske hovud? spurde Bjørn Arne Aakvaag, talsmann for Frp sin motstand.
Han sa at partiet ikkje er med på argumentasjonen om at «andre fer med vegpengane» om ikkje Nordhordland viser vilje til å ta ein del av rekninga sjølv.
Blant fleirtalet som sa at dei «ikkje trur på julenissen» og «held seg til politiske realitetar», var Svein Børtveit (Krf) og Sveinung Toft (V).
? Venstre gjekk til val på nye bompengar avdi me vil ha nye vegar i regionen, kunngjorde Sveinung Toft med stort engasjement og høgt volum. Han spurde kva det er alle andre regionar i fylket har forstått.
? Det er harde pakker, harde realitetar som må til for å få gjort noko, sa Toft.
Etter møtet sa Toft til Strilen at folk på Osterøy var strålande nøgde etter at Lindås i førre runde sa nei til meir bompengar.
? Det gav meir pengar til vegar der, så Osterøy håpar nok at Nordhordland seier nei ein gong til, så får dei endå meir vegutbygging, sa Toft.
Skuffa motstandarar
? Eg røysta Ap ved førre val nettopp på grunn av formuleringa mot vidareføring av bompengar. Difor er eg skuffa over fleirtalet i gruppa si haldning. Eg støttar Magne Frammarsvik sitt nei, kommenterte Tove Baldysz frå Knarvik, som følgde debatten saman med ektemannen Jan. Tove Baldysz gjorde det klart at ho neppe kjem til å gje stemma si til Ap ved komande lokalval. Også ektemannen Jan var skuffa over utfallet.
Like fortørna var utsendingane frå aksjonen «Nei til meir bompengar i Nordhordland», Morten Clementsen og Gudmund Husdal.
? Eg hadde håpa at eit fleirtal skulle ta til fornuft og seia nei. Eg er rett og slett skremt, sa Clementsen. Men han sa også at han trur høgare styresmakter kan få vanskar med å påtvinga ein bom i Meland, ein kommune som seier klart nei. Dessutan trur han overvakingsorganet ESA ikkje går med på ein slik pakke avdi det manglar nærleik til hovudprosjektet på Radøy.
1 mot i Modalen
I Modalen kommunestyre var Britt Farestveit den einaste av 13 representantar som røysta mot.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





