Lindås på svarteliste
Endret 20.08.07 10:49
PBL har undersøkt i 70 kommunar og meiner at 28 av desse bryt forskrifta. Blant dei sistnemnde er altså Lindås kommune. Ove Sæbø, eigar og styrar i den private Leiknes barnehage, er likevel nøgd med samarbeidet med Lindås kommune.
? Eg opplever samarbeidet som veldig bra. I ei tid med store reformer innan skule og barnehage er det inga lett sak for ein liten administrasjon å halda seg oppdatert på alt. Men slik det er i dag, klagar eg ikkje, seier Sæbø.
Bryt forskrift
Kriteria for å koma på denne svartelista er at kommunen bryt eitt eller fleire av følgjande punkt: At kommunen ikkje enno har gjort vedtak for utmåling av tilskot til drift i 2005. At dei ikkje har gjort berekningar med omsyn til forskriftsendringar 1. august 2005. At dei ikkje har dokumentert berekninga slik forskrifta krev, eller at dei brukar utrekningsmodellen frå departementet feil.
? Dette gjev for mange økonomisk uforutsigbarheit og set press på kvaliteten i barnehagane. I tillegg skapar det usikkerheit i høve full barnehageutbygging. Foreldre tapar på dette i høve til ressursar som kunne vore brukt til kvalitet, og ikkje minst foreldre i kø må kanskje venta lenger på barnehageplass som følgje av at færre tør starta nye barnehagar eller byggja ut barnehagen med fleire plassar for å få ned køen, skriv dagleg leiar i PBL, Arild M. Olsen, i ei melding.
Lindås usamde
Det som PBL meiner ikkje er i orden i Lindås kommune, er at kommunen ikkje har dokumentert berekningsgrunnlag for eigne kostnader.
I praksis betyr det at kommunen ikkje har rekna ut kva kostnader dei har med drift i dei kommunale barnehagane.
Regelen er at dei private skal få minst 85 prosent tilskot av det det kostar å driva dei offentlege barnehagane.
Når kommunen ikkje veit kva kostnaden er med dei offentlege barnehagane, vert tilskotet til dei private tilfeldig, meiner informasjonssjef Jørn-Tommy Schelderup i PBL.
Barnehagekonsulent Astrid Namtvedt Sylta er usamd med PBL i at Lindås ikkje har dokumentert eigne kostnader i barnehagedrifta.
? Reknearket som Staten bed oss om å bruka er komplisert. Men me meiner at PBL har fått det grunnlagsmaterialet dei treng for å finna ut av dette. I tillegg går dette fram av dei kommunale rekneskapa, som er offentlege for alle, seier Sylta.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





