Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Lindåstunet kan verta årets eldsjel

Del | |
LINDÅS: Det private omsorgstilbodet Lindåstunet på Lindås er nominert til å verta «årets eldsjel».
Publisert 09.03.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det er ei skikkeleg fjør i hatten for oss å verta nominert til å verta årets eldsjel, seier fungerande leiar Ove Jan Paulsen ved Lindåstunet til Strilen.
Det er Bergens Tidende, Kvalifondet, Sparebanken Vest og G. C. Rieber som står bak utmerkinga, som er eit kunstverk av kunstnaren Lotte Konow Lund.
Prisen vert delt ut på eit eige show på Ole Bull Scene i Bergen 25. mars.

Kan stemma
I klassen for humanitært arbeid er det fire nominerte, og folk som vil stemma på Lindåstunet, kan senda inn si stemme på e-postadressa www.bt.no/ildsjel fram til og med 18. mars. Same person kan berre avgje stemme ein gong kvart døger.
? No må folk stemma slik at Lindåstunet når opp i konkurransen, seier ei eldsjel som kjem innom avisa.

Dugnad
Det aller meste av arbeidet som vert utført på Lindåstunet, vert utført på dugnad.
? Me har om lag 40 frivillige som gjer ein innsats, seier Paulsen.
Berre nattevaktene og nokre til får betaling for arbeidet dei gjer.
For tida har Lindåstunet nesten fullt belegg. Berre eitt rom er ledig.
? Det hadde vore veldig kjekt å få denne utmerkinga, seier Paulsen.
Årets eldsjel skal gå til enkeltpersonar eller lag og organisasjonar som brenn for noko, eller som gjer ein frivillig og ueigennyttig innsats for samfunnet.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt