– Lindåstunet trygt nok
Ein ny brannteknisk rapport konkluderer med at branntryggleiken ved Lindåstunet i hovudsak er på plass. Bygget treng ikkje seksjonering eller andre kostbare tiltak.
Endret 11.08.11 12:15
Den ferske rapporten er utarbeidd av Trygve Conradi i konsulentfirmaet Sweco på oppdrag frå Lindåstunet AS, selskapet som driv den nedleggingstruga institusjonen.
Conradi er tidlegare brannsjef i Bergen og har drive det første reine brannrådgjevingsfirmaet i Noreg.
Har to rapportar
Han inspiserte Lindåstunet torsdag for ei veke sidan, og leiinga i Lindås kommune fekk tysdag ein rykande fersk brannrapport. No sit kommunen med branntekniske risikovurderingar frå to konsulentar som konkluderer vidt forskjellig.
Rapporten frå Sweco er på 17 sider, relativt detaljert, og viser til aktuelle lover og føresegner. Frå Skansen Consult føreligg det så langt to halvsider med tekst.
Ståle Eilertsen i Skansen Consult har i ei vurdering frå 5. juli skrive at heildøgnsdrifta i andre etasje på Lindåstunet bør avviklast ”umiddelbart”. Skansen Consult meiner at det også er uforsvarleg å ha bebuarar i første etasje, og tilrådde at bygget i ein avviklingsperiode fekk vaken nattevakt på stadige brannrundar i bygget. Ei slik ordning er innført.
Ikkje noko alvorleg
Trygve Conradi i Sweco konkluderer med at «både person- og verdisikkerheten ved Lindåstunet i dag i hovedsak ligger innenfor gjeldende forskriftskrav». Denne konsulenten har ikkje funne alvorlege branntekniske avvik i forhold til aktuelle krav.
Conradi synest dessutan det vil vera fornuftig å ta i bruk ein tredje etasje på Lindåstunet som i dag ikkje vert nytta til noko som helst. Tredjeetasjen er dekka av både sprinklar- og alarmanlegga i huset. Konsulenten meiner at dette planet kan nyttast til forskjellige føremål, føresett at ei av trappene opp til etasjen vert litt justert. Her vil likevel ikkje Conradi plassera personar som treng bistand til å rømma frå ein brann.
Taus styreleiar
Styreleiaren i Lindåstunet AS, Ove-Jan Paulsen, vil førebels ikkje seia noko om den nye brannrapporten frå Sweco, utover å stadfesta at den er tinga og oversendt til Lindås kommune. Han ønskjer ikkje å kommentera innhaldet, og grunngjev det med at han i dag, torsdag, skal ha eit møte med representantar frå kommunen om rapporten.
Kommuneadministrasjonen har alt føreslege for den politiske leiinga at kommunen skal avvikla samarbeidet med Lindåstunet, på bakgrunn av brannrapporten frå Skansen Consult. På Lindåstunet har det føregått utflytting frå andre etasje, og berre tre bebuarar er no tilbake her.
Saka skulle handsamast i formannskapet sist torsdag, men møtet vart utsett på grunn av den spesielle situasjonen etter terrorhandlingane i Oslo og på Utøya. No kjem saka opp 25. august, og Skansen Consult er bedne om å vera til stades med folk på møtet.
RAPPORTANE: To rapportar ligg no på bordet, med ulike konklusjonar.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





