Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Lite støy frå prøveskyting

Del | |
RADØY: Ettermiddagskvilen til folk på Sletta vert nok ikkje uroa om det kjem skytebane i Haukåsen, etter prøveskytinga å døma. På biletet lyttar politikarar og andre etter lyd frå skytinga som vart gjennomført torsdag ettermiddag.
Publisert 07.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Kommunestyret, grunneigarar og andre interesserte var torsdag på synfaring i Haukåsen, i området der Radøy Skyttarlag ønskjer å etablera ei skytebane. Etter synfaringa vart det gjennomført prøveskyting.

Lite støy
Strilen stod saman med politikarar og andre ved Samfunnshuset under prøveskytinga. Under prøveskytinga med hagle, høyrde me ikkje eitt einaste av dei fem skota. Me høyrde derimot rifleskota, men berre dersom ingen prata eller ingen bilar køyrde forbi. Støy i dette området skulle difor ikkje verta noko problem i tilfelle det vert skytebane i Haukåsen. Det var meir støy frå ei gravemaskin på Sletta, enn frå skytinga i Haukåsen. Ordførar Olav Steinar Namtvedt stod ved kyrkja under prøveskytinga. Han meiner at han høyrde 4 - 5 av det rundt 15 rifleskota som vart skotne.
? Eg trur nok at dei høyrde meir utover mot Lometjødna, seier Namtvedt.
Martin Soltveit frå skyttarlaget seier til Strilen at det er planlagt støydemping ved standplass. Det vert gjort ved å setja opp veggar på begge sider og bak der skyttarane står eller ligg medan dei skyt. Dette vil dempa støyen langs dalføret, medan lyden vert retta mot Haukåsen.

Fryktar «bandlegging»
Men det er fleire andre grunnar enn frykt for støy som gjer at mange er imot at det vert bygt skytebane i Haukåsen. Enkelte snakkar om «bandlegging» av eit relativt stort område rundt skytebana. Når riksvegtraseen kjem like ved den planlagde skytebana, kan dette til dømes gjera det meir aktuelt å setja opp bustader i området. Med ei skytebane like ved, fryktar dei at dette vert vanskelegare, truleg umogleg, å få løyve til. Dei som nyttar nærområdet ved Haukåsen til turar, vil også høyra meir til skytinga enn på sjølve Sletta. Til det sa Andre Michelsen i skyttarlaget at det berre vil føregå skyting ved bana i omlag fem prosent av tida med dagslys. Det vil difor vera nok av høve for turgåarar å nyta stillheita i området, meinte han. Fungerande rådmann Leif Taule har rådd politikarane til å seia nei til den framlagde reguleringsplanen for skytebana. Han argumenterer med at grunneigarane har sagt nei til å selja grunn frivilleg, og at einaste måten å skaffa seg grunn på difor er å gå til oreigningssak.
Dette vert nok og kanskje det vanskelegaste for politikarane, då dei veit at eit positivt vedtak til reguleringsplanenkan føra til oreigning.
Saka skal no opp igjen til behandling i planutvalet 25. oktober, før kommunestyret tek endeleg avgjerd.
Kornelius Manger tok opp att for politikarane på synfaringa, at Radøy Skyttarlag kjem til å verta nedlagd dersom politikarane ikkje godkjenner reguleringsplanen.
? Eg har fått kritikk for å ha sagt dette, men eg står på det. Det er ikkje aktuelt å halda fram ved skytebana på Manger. Me har brukt 130.000 kroner på denne siste reguleringa, og har ikkje ressursar til å gå ein runde til. Anten vert det skytebane no, eller så vert det ikkje, sa Manger.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt