Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Liten prisskilnad på bensin

Del | |
LINDÅS:  Marit Helene Larsen irriterer seg ikkje over om bensinprisen stig litt. Onsdag var det liten prisskilnad blant dei lokale stasjonane, viste ein sjekk Strilen gjorde.
Publisert 27.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Prisane endrar seg heile tida, og ein skal ein skal verkeleg følgja godt med dersom ein skal kjøpa det billegaste drivstoffet til ei kvar tid. Difor kan prisane har vorte endra i går etter at Strilen undersøkte prisane. Me sjekka prisar på fjorten bensinutsal i Nordhordland og Gulen, og ved ti av desse låg prisen på 95 blyfri mellom kr 10.68 og kr 10.84 literen. Prisen var høgast i Eivindvik med kr 11.98 per liter og billegast ved 1,2,3 i Isdal med kr 10.68. Måndag formiddag undersøkte Strilen prisane ved seks bensinutsal, og då var 1,2,3, i Isdal nest dyrast av desse. Men prisen vart sett ned på denne stasjonen alt om ettermiddagen.

 

Billegare enn Bergen

Trass i små prisskilnader mellom dei fleste stasjonane som vart sjekka i Nordhordland, var desse rimelegare enn ved tre tilfeldige utsal me kontakta i Bergen. Ved Hydro Texaco i Fanaveien var prisen kr 11.16, ved Fjøsanger Autosenter (Statoil) var prisen kr 11.15 og ved Hydro Texaco Fjøsanger var prisen kr 11.11. Også ved ein tilfeldig utvald stasjon på Askøy, Shell på Kleppstø, var prisen høgare; kr 11.25 for 95 blyfri.

I Oslo derimot kan dei for tida kjøpa 95 blyfri til under 10 kroner literen. To tilfeldige utsal som me kontakta i Oslo sentrum selde i går bensin til kr 9.85 for literen. Men etter det Strilen kjenner til hender det rett som det er at bensinprisane fyk opp i kr 11.50 midt i veka også i hovudstaden. I helgene vert gjerne prisane sette ned.

 

Fast pris på Fedje

Ved utsal med relativt lite kundegrunnlag og få andre utsal i nærleiken er rammevilkåra annleis enn ved stasjonar med stort kundegrunnlag og meir konkurranse. Terje Stormark på Fedje opplyser at dei fyller opp tanken og held same pris til tanken er tom.

Då kundegrunnlaget ikkje er så stort, tek dette ei tid. No er prisen kr 11.75 per liter 95 blyfri, men siste tank selde dei til ein pris som var gunstig samanlikna med andre stader, seier han. Han meiner difor at dette jamnar seg ut over tid.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt