Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Litlebergen kan verta eit eldorado for båtfolk

Del | |
MELAND: Nyopning av butikk, fiskerestaurant, båtplassar og båthall er mellom det Jan Erik Kolstad (til høgre) planlegg på Litlebergen i Meland.
Publisert 11.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Kolstad har kjøpt dei tidlegare butikklokala og tre bygg til på Litlebergen. I dette området planlegg han fiskerestaurant, nyopning av butikken, fleire bryggjer og tankeplass for drivstoff og vatn. Butikken skal vera open i alle fall i båtsesongen, slik at båtfolket kan få handla inn mat og anna dei treng.

Maritimt miljø
Tanken er og at båtfolket skal kunna gå i land her og vaska klede, dusja og liknande. Det vil både vera snakk om utleige av båtplassar og gjestebryggje for båtturistar.
? Den dieseltanken som ligg her no flyt i vatnet. Den ligg veldig høgt og synleg når han er tom. Eg ønskjer å leggja tanken inn på land, og føra drivstoffet i røyr ytst på ei av bryggjene, seier Kolstad.
Målet er å opprusta området og styrkja Litlebergen som maritimt miljø og hamn for båtfolk.
? Området ligg fantastisk fint til - midt i farleia, seier han.
I området overfor verksemda Wave Båt & Fritid på Litlebergen er planen å byggja ein stor båthall. Kolstad seier han er i samtalar med Båt & Fritid om eit samarbeid om dette. På taket av båthallen er det planen å laga parkeringsplassar. Dette kan vera eit problem i området i dag, seier Kolstad.
Kolstad er alt i gang med å pussa opp husa på kaien. Desse skal restaurerast i eldre stil. Mellom anna skal dei målast kvite og alle vindaugo skal ha sprosser. Planen er og å få etablert ein fiskerestaurant i bygget sør for butikklokalet.

Reguleringsplan
Men før han kan starta arbeidet med bryggjene og fabrikkhallen, må det lagast ein reguleringsplan for heile Litlebergen-området. Planen vil så verta handsama i kommunen på vanleg måte, med offentleg utlegging, høve for å koma med kommentarar og så vidare. Kolstad veit ikkje kor lang tid den prosessen kan ta, men seier at den kontakten han så langt har hatt med Meland kommune har vore positiv.

Utleigeleilegheiter
Han vil og lage til utleigeleilegheiter i bygget nord for butikkbygget. Her er det plass til fire leilegheiter, men Kolstad håpar å få løyve til å utvida bygget. Leigebuarane vil og få høve til å leiga småbåtar. Også over butikklokalet kan det vera aktuelt med utleigeleilegheiter.
? Det hadde dessutan vore fint om eg kunne ha fått til eit samarbeid med andre om tilrettelegging for gjestehamn for fritidsbåtar ved Håøy. Desse kunne då nytta seg av servicefunksjonane me etablerer på Litlebergen, seier Kolstad.
Han er sjølv oppteken av båt og båtliv, og har i 20 år reist på lange turar med fritidsbåt både i Noreg og i Sverige. Kolstad meiner difor han har god erfaring med kva som er viktig for båtturistar. 

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt