Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Lokale rektorar skal undervisa meir

Del | |
LINDÅS: Dei sju små barneskulane i kommunen skal ha lokale rektorar, men dei skal undervisa meir enn dei tidlegare rektorane gjorde.
Publisert 14.03.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Dette føreslår rådmann Øistein Sævik. Administrasjonen av dei sju småbarneskulane i Lindås har vore ein gjengangar både i media og i det politiske miljøet. Rådmann Øistein Søvik gjekk i fjor sommar inn for å la ein rektor ha ansvar for Seim, Skodvin og Festo skular og ein ha ansvar for Eikanger, Leiknes, Myking og Kløvheim. Etter at Utdanningsdirektøren i Hordaland fastslo at ei slik løysing ikkje var lovleg, er det no lansert ein ny modell, som skal opp til godkjenning i formannskap og kommunestyre i dag.

Lokal rektor
No skal ein einingsleiar ha det administrative ansvaret for dei to skulegruppene, men kvar skule skal ha sin lokale rektor. Men vedkomande skal bruka meir av tida si til undervisning enn dei gamle rektorane gjorde. Tanken bak er at einingsleiaren skal ta seg av ein del av dei oppgåvene som rektorane før hadde.

Fordeling
På Leiknes skule skulle rektor etter den gamle modellen bruka 13 prosent på undervisning, mot no 50 prosent. Tilsvarande for dei andre skulane er: Eikanger: Før 30 prosent, no 65 prosent, Kløvheim før 30 prosent, no 65 prosent, Myking før 35 prosent, no 65 prosent, Skodvin før 25 prosent, no 70 prosent, Seim før 0 prosent, no 50 prosent og Festo før 50 prosent, no 70 prosent.

Små innsparingar
Rådmannen skriv i saksutgreiinga at den nye modellen gjev små innsparingar, men skal gjera administrasjonen meir effektiv, og at kvaliteten på skulane skal verta betre.
I framlegget til vedtak heiter det vidare at rådmannen får fullmakt til å sjå til at administrasjonen til ei kvar tid er tilpassa dei utfordringane kommunen står framfor.


? Ikkje nok tid til å leia skulane

?  Me er ikkje nøgde med den nye modellen som rådmannen lanserer. Det er positivt at dei små skulane skal ha eigen rektor, men det vert ikkje noko tid til å ta seg av leiinga av skulane, seier Laila Rydland i Utdanningsforbundet i Lindås til Strilen.
Ho viser til at dei lokale rektorane vil ha langt mindre tid til å ta seg av administrasjonen på skulane sine sidan dei skal undervisa mykje meir enn før.

Dobbeltarbeid
? Men skal ikkje einingsleiaren ta seg av dette?
? Nei, det vil ikkje fungera. Mykje av dette er oppgåver som etter lova må løysast på kvar skule, og me trur den modellen som no vert skissert, vil føra til mykje dobbeltarbeid, seier Rydland.
Rydland meiner alle skulane i kommunen har fått mindre ressursar til administrasjon, og at dette er noko som merkast alt no. Difor ønskjer Utdanningsforbundet at ein skal tilbake til å ha rektorar på alle skulane, også dei store skulane som no har fått felles rektor, som barne- og ungdomsskulen i Knarvik.

Skulekontor
? Me er heilt usamde med rådmannen i at den nye modellen vil føra til ein betre skule i Lindås, seier Rydland.
Elles meiner Utdanningsforbundet at det er viktig å ha ei god kommunal leiing når det gjeld skule, og ein måte å gjera det på, er å oppretta skulekontor igjen i kommunen. Det vart lagt ned for fleire år sidan.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt