Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Lovar jobb i løpet av ei veke

Del | |
Unge som vil ha jobb i Sløvåg eller Nordhordland, kan skaffast jobb i løpet av ei veke om dei har dei rette kvalifikasjonane. Det lova industrileiar Lars Hellandsjø då han møtte over hundre utflytte gulingar på møte i Bergen denne veka (bildet). Næringslivet har skrikande behov for fagfolk. Hellandsjø ser området som vekstregion nummer ein på Vestlandet i åra framover. 
Publisert 09.02.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Næringslivet i distriktet har eit stort behov for fagfolk, og ungdom med dei rette kvalifikasjonen skal eg kunna skaffa jobb på ei veke, lova Lars Hellandsjø på møtet for utflytt Gulen-ungdom. Då tenkjer industrileiaren og industrilagsleiaren på Gulen og Nordhordland sett under eitt. Berre blant verksemdene i Sløvåg er det stor mangel på folk i mange faggrupper.
Wergeland-konsernet åleine  har trong for prosjektleiarar, ingeniørar, fagarbeidar i betong, mekanikarar, sveisarar, salsmedarbeidarar og meir til.

Størst vekst
? Eg meiner Nordhordland og søre del av Gulen vil få den største veksten i heile Vestlandsregionen i åra framover, seier Hellandsjø.
Då tenkjer han både på alle aktivitetane rundt bygging av kraftvarmeverket på Mongstad, men og på verksemder som kjem i kjølvatnet av gassleidningen som kjem til Mongstad, med avgreining til Sløvåg. I Sløvåg vil leidningen gje grunnlag for eit LNG-anlegg som vil medføra ein god del arbeidsplassar.

Ein marknad
Hellandsjø meiner Nordhordland og Gulen er ein arbeidsmarknad. Det er difor ikkje noko i vegen for å bu i Gulen og jobba på sørsida av Fensfjorden. For unge som vil flytta heim att til Gulen, bør det vera den rette tida no. Og ut frå frammøtet på møtet i Bergen, skulle sjansane vera gode.
? Eg vart positivt overraska, og etterpå snakka eg med andre som kunne tenkt seg å ha vore der, men som ikkje hadde høve til å møta, seier Hellandsjø.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt