Lovlegkontroll av skulevedtak
Endret 20.08.07 10:49
Børtveit meinte Leiknes-elevane vert behandla som fugleungane i eit reir der det kjem ein gaukunge. Dei vert sparka ut.
Lovlegkontroll
Børtveit varsla at han ville krevja lovlegkontroll viss fleirtalet gjekk inn for å flytta elevane til Ostereidet frå neste haust. Berre to røysta mot å flytta elevane, og då sa Høgre-gruppa og frå om at dei ville vera med på kravet om lovlegkontroll.
Dermed er det mange nok, og saka vert send til Fylkesmannen for avgjerd. Men rådmann Øistein Søvik meinte at andre avgjerder i liknande saker tala mot at dei som krev kontroll, vil få medhald.
Ein skule
Høgre ville ikkje at ungdomsskuleelevane i Alversund skal flyttast til Knarvik. May Eva Sandvik viste til at det er usikkert når den nye ungdomsskulen i Knarvik kan stå ferdig, og at det dermed kan verta mange mellombelse løysingar i Knarvik for å få plass til alle elevane. Høgre ville heller at det skal byggjast ein mellombels paviljong i Alversund, men berre Høgre-gruppa gjekk inn for dette.
På spørsmål svara assisterande rådmann Kåre Jordal at ein tok sikte på å setja i verk overflytting frå neste haust. Men han kunne ikkje lova at ungdomsskulen står klar før våren 2009.
Ja til stor barnehage i Juvikstølen
Det skal byggjast ein ny barnehage med inntil 135 plassar i Juvikstølen i Knarvik. Det vedtok kommunestyret i Lindås torsdag. Men både Høgre, Framstegspar-tiet og Venstre tykte denne barnehagen vert for stor og gjekk inn for ein barnehage med 90 plassar.
? Eg fryktar kaos i gymnaskrysset når alle foreldra skal levera borna sine der. Det er vanskelege trafikktilhøve alt no, sa May Eva Sandvik (H).
Ho meinte og at kommunen har så mange investeringsoppgåver at den største barnehagen vert for dyr å byggja.
Delt opp
Rådmann Øistein Søvik kunne opplysa at den planlagde barnehagen skal vera i fleire avdelingar, som vil liggja skilde i terrenget og med kvar sitt uteareal. Han meinte difor at barnehagen ikkje ville verka så stor for borna.
Ved å byggja ein stor barnehage kan ein avlasta både Haugen barnehage og behovet i Alversund, sa han.
Eit klart fleirtal gjekk inn for det største alternativet, som vart vedteke mot elleve røyster.
Ikkje tidfesta
Kommunestyret vedtok og at Lindås skal ha full barnehagedekning, men sa ikkje når. Tore Svendsen ville ha inn at full barnehagedekning skal vera klar til 2009, men det gjekk fleirtalet mot. Eit lite poeng er at Svendsen, som representerer SV, gjekk inn for ein frist som ligg etter det partiet sentralt har lova. Kristin Halvorsen har sagt at ho trekkjer seg som finansminister viss ikkje det er full barnehagedekning her i landet innan utgangen av neste år.
Kommunestyret vedtok og at det skal vera minst ein kommunal barnehage i alle dei fire ungdomsskulekrinsane i kommunen
Tvert nei til sal
til Western Geco
Lindås kommune vil ikkje selja arealet der Haugen barnehage ligg i dag til Western Geco.
Det vart utfallet då saka var oppe i kommunestyret torsdag. Vedtaket om å seia nei til sal var samrøystes.
Grunngjevinga er at det vert for dyrt å byggja ny barnehage til erstatning for den som ville forsvinna viss området vart selt. Haugen barnehage har fem avdelingar og er den største barnehagen i Knarvik.
? Me har ikkje diskutert kva avslaget inneber, seier Jan Yngve Kvamme hos Western Geco til Strilen.
Verksemda hadde tenkt å bruka arealet til parkering og av- og pålasting på trailerar. I dag har verksemda svært lite plass til dette.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





