Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Løypetoni klar for sal sommaren 2008

Del | |
FREKHAUG: Selskapet Byggholt A/S er klar for å satsa på bustadmarknaden også i Nordhordland, etter å ha sikra seg Løypetoni på Frekhaug.
Publisert 13.02.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Til no har selskapet her i Bergen satsa mest i omegnskommunane Os, Askøy og til dels på Sotra i tillegg til Bergen. No ser me eit grunnlag for å satsa også i Nordhordland, og Løypetoni er eit attraktivt område som me har har vore på jakt etter i eit par år. Difor valde me å kjøpa det då det vart lagt ut for sal i fjor haust, seier akvisisjonssjef GunnarGrytaas i Byggholt A/S i Bergen. Han har ansvaret for å sikra selskapet nye areal for bustadbygging i Bergens-området.
Det var eit bod på nær 24 millionar kroner som sikra firmaet den kring 90 mål store eigedomen, ein tidlegare gardseigedom.
? Fleire aktørar var med i bodkampen. Prisen me enda på, var innafor den ramma me hadde sett på førehand, seier Grytaas.

Får tre framlegg
Byggholt er norsk aksjeselskap eigd av det store svenske konsernet JM, som sel bustader for kring åtte milliardar kroner per år i Skandinavia. Den norske delen av selskapet ligg for tida på kring 1,2 milliardar kroner i årsomsetning
Etter kommuneplanen kan vel 50 mål av Løypetoni brukast til bustadutbygging.
? Fristen for å koma med merknader til oppstart av reguleringsarbeidet går ut denne veka. Parallelt med dette har me bede tre arkitektfirma i Bergen om framlegg til utbygging av området. Me betalar alle tre for jobben, slik at me står fritt til å velja litt frå kvar om me ønskjer det, seier Grytaas.

Salsstart i 2008
Grytaas gjer det klart at han ikkje ser for seg høghus i Løypetoni.
? Me går ut frå 120-140 bueiningar i ei blanding av einebustader, rekkjehus og leilegheiter, seier Grytaa. Tilseier marknaden høgare etterspurnad etter leilegheiter, kan det verta lagt opp til det. Grytaas har notert seg at andre utbyggjarar på Frekhaug har auka talet på mindre leilegheiter.
Grytaas viser elles til at noko av terrenget er bratt og kan eigna seg for terasseblokker.
Byggholt A/S byggjer og sel ferdige husvære. Går arbeidet med prosjektet etter planen, vil selskapet ha dei første klare for sal frå sommaren 2008.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt