Lysø takkar av
AUSTRHEIM: Formelt takkar Ole Lysø (71) no av etter 44 år i lokalpolitikken. Men få trur han vert sitjande gjerandslaus i løa.
Endret 25.10.11 12:32
– Eg har ein ekstra blomst, og den går til kona Magnhild. Utan ho hadde eg aldri kunne vore så mykje heimanfrå som eg har vore, sa Ole Lysø i ei av dei siste helsingane fredag.
Før det fekk han KS-medalje og gåver, og retta ei takk til medfolkevalde for mangeårig samarbeid.
For denne kvelden på Austrheim Samfunnshus, der det sitjande kommunestyret hadde avslutning etter fire år, var ekstra historisk. Det vart «ein siste kveld med gjengen» når ein av Nordhordland sine mest markerte politikarar takkar av – etter 44 år i lokalpolitikken.
Myndig hand
– Du har styrt formannskapet med myndig hand. Diskusjonane har vore mange og stundom harde, men eg synest formannskapet har fått gjort svært mykje for innbyggjarane i Austrheim, sa Sognnes då han bad Lysø koma fram og få KS-medaljen.
Akkurat den avgjerda fekk ikkje Lysø vera med på. Han vart jaga på gongen då formannskapet 8. juni vedtok å søkja om tildeling av heidersteiknet. Medaljen går til personar som «har utført ei fortenestefull samfunnsgagnleg verksemd av særleg betydning» for sin kommune.
– I tillegg meiner eg at ditt sterke engasjement, kreativitet, ståpåvilje og ukuelege optimisme, viser at du fyller bestemmelsane i vedtektene og vel så det, sa varaordførar Harald Sognnes då han delte ut medaljen.
Glad for utmerkinga
– Tusen takk. No forstår eg kvifor eg vart jaga på gongen! sa Ole Lysø i sin takketale. Han sa at han ein gong vart spurd om han ikkje skulle få KS-medaljen.
– Kor tid får ein sveisar KS-medaljen? spurde eg tilbake.
Samstundes sa Lysø seg veldig glad for utmerkinga.
– Dei kan berre prøva seg i lokalpolitikken dei som vil. Det er ein nokså tøff jobb, sa Lysø.
Fleire som helsa, kom inn på at Lysø hadde imponert dei med gode kunnskapar på mange felt, sjølv om han rekna seg som «berre ein vanleg sveisar».
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





