Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Må dempa barnehagen

Del | |
AUSTRHEIM: Det er meir støy enn godt er i Årås barnehage. Men snart vert det stillare.
Publisert 27.02.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Tilrådd grense for støy i ein barnehage er 70 desibel. I Årås barnehage er støyen målt til 75 desibel.
? Målingane viser at det er litt for høg støy her, seier styrar Helge Dyrkolbotn.
Det vert laga mykje lyd når born snakkar, ropar og skranglar med leikar. Målinga på 75 desibel var gjennomsnittet i eitt rom. Men målingane viser at dei kraftigaste lydane er langt høgare. Den mest gjennomtrengande lyden som vart målt i Årås barnehage, var på 94 desibel. Det er nesten like høg lyd som om du står to meter unna ein pressluftbor i aksjon. Men no skal lydnivået ned.

Tjukke gardiner
Tysdag 28. februar kjem formannskapet etter alt å døma til å tilrå at det vert brukt 100.000 kroner på støydemping og andre tiltak i barnehagen.
? Det er tilrådd at me får støydempingsplater i taket. Kraftigare gardiner kan og hjelpa. Då vil det verta betre tilhøve både for borna og dei tilsette, seier Dyrkolbotn.
Støynivået kan vera plagsamt og skapa stress og konsentrasjonsvanskar. Men støyen i Årås barnehage er ikkje så høg at den er fysisk skadeleg.
Eit lydnivå på over 85 desibel over lang tid kan skada hørselen. 150 desibel kan vera livsfarleg. Ei vanleg samtale skapar lyd på kring 60 desibel, medan sterk trafikkstøy kjem over 80 desibel. Vindauge kan knusa dersom lydbølgjene er på over 163 desibel. Eit vanleg stereoanlegg på fullt volum gjev gjerne 100 desibel. Ein heavy metal-konsert ligg ofte på 130 desibel, eit nivå også korps kan koma opp i.

Bråkete romferjer
Står du tett inntil rullebana medan eit jetfly akselererer, kan du verta utsett for opp mot 140 desibel. USA sine romferjer skapar sjokkbølgjer på 215 desibel, medan atombomber, jordskjelv, tornadoar og vulkanutbrot kan gå over 300 desibel.
Skalaen er slik at null desibel tilsvarar grensa for kva eit gjennomsnittsmenneske kan høyra. Personar med ekstremt god hørsel kan såleis høyra lydar heilt ned mot minus ti desibel. Ein auke på tre desibel tilsvarar ein dobling i lydstyrken. Men mennesket sin hørsel er slik at me vil oppleva ein auke på 10-12 desibel som ei dobling.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt