Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Må fjerna fire tiltak eller få bot

Må fjerna fire tiltak eller få bot

Del | |

Ein grunneigar på Eikanger må fjerna fleire tiltak i strand­sona, elles vert det eingongsbot og dag­mulkt, har Fylkes­mannen avgjort.

Publisert 09.02.12 09:58
Endret 09.02.12 09:58

Det som må fjernast, er ein steinkai, delar av eit anneks, tak over ein båtgarasje og ei flytebryggje.

Er ikkje dette ordna innan 15. april, må eigaren ut med 25.000 kroner i eingongsbot, og ei dagmulkt på 250 kroner dagen inntil opprettinga er utført.

Avgjerda vart teken like før jul, i ei klagesak Lindås kommune sende frå seg i slutten av mai i fjor. Fylkesmannen beklagar den lange saksbehandlingstida.

Snillare enn kommunen
«Dommen» som Fylkesmannen har kome fram til, er litt mildare enn politikarane i Lindås gjekk inn for etter å ha vore på synfaring. Eigaren slepp i første omgang å fjerna trappa ned mot sjøen mot vest, og både ein støtte­mur og blokkstein lagt i sjøen får vera i fred.

Lindås sine folk på byggesak hadde to synfaringar på eige­domen før det vart reist sak. Dei kom i første omgang til at det var ni ulovlege tiltak.

Godt nok rettleia
Det er frå denne lista Fylkesman­nen no har trekt ut tre inngrep der kommunen blant anna må gjera nye vurderingar. Fylkesmannen sine folk har tatt avgjerda utan å ha vore på eige­domen og sett med eigne auge.

Klagaren meiner kommunen ikkje har rettleia godt nok om kva det trong søkjast om. Den påstanden er avvist av Fylkesmannen.

INGA BØN: Kommunen har godkjend ein søknad om uthus, men det er innreia med blant anna stove og bad, som anneks for langtidsopphald. Det godtek ikkje Fylkesmannen. INGA BØN: Kommunen har godkjend ein søknad om uthus, men det er innreia med blant anna stove og bad, som anneks for langtidsopphald. Det godtek ikkje Fylkesmannen.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt