Må i fengsel for avfalls-dumping
Endret 20.08.07 10:49
Lasset med avfall som vart dumpa, inneheld både bildelar, takplater, sikringsskap og anna skrot. Mannen som i Bergen tingrett er dømd for avfallsdumpinga, er no busett i Danmark, men var tidlegare heimehøyrande i Bergen. Han har vedgått at det var han som ved midnatt 14. april i fjor køyrde lasset med avfall ut på ein sideveg like ved E 39 på Andås og dumpa lasta rett utfor vegen. For å koma ut på sidevegen måtte han fjerna eit betongelement som stod som sperre.
Avfallet ligg framleis på Andås, godt synleg frå europavegen når det ikkje er lauv på trea.
Nitti dagar
Mannen var tiltalt for fleire tiltalepunkt i saka. Han vart tiltalt for eit liknande tilfelle av avfallsdumping på ein rasteplass ved E 39 på Furnestræet i Vaksdal kommune. I tillegg var han tiltalt for promillekøyring. Retten fann han skuldig på alle punkt og dømde han til fengsel i nitti dagar. I tillegg må han betala ei bot på 10.000 kroner til statskassa.
Mannen vart også frådømd retten til å køyra bil for alltid.
Ikkje fjerna
I retten tilbaud tiltalte seg å rydda opp i skrotet på Andås. Men sidan skrotet har lege der i halvanna år utan at noko er gjort, fann ikkje retten å festa lit til det. I staden vart grunneigar tilkjent 3745 kroner i erstatning for å rydda opp sjølv. Dette tilsvarar summen Statens vegvesen fekk i erstatning for oppryddinga på rasteplassen i Vaksdal.
Ikkje inndra
Aktor hadde lagt med påstand om at grunneigaren på Andås skulle ha 10.000 kroner for å rydda opp, men retten ville altså ikkje gå så høgt.
Aktor meinte også at det skulle inndragast 3000 kroner frå mannen for utgiftene han hadde spart på ikkje å kvitta seg med avfallet på lovleg vis. Men ut frå mannen sin økonomiske situasjon fann ikkje retten grunnlag for det. Mannen er uføretrygda.Fjord Line-aksjar vert ikkje nulla
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





