– Oppsiktsvekkjande at Navarsete ikkje tek ansvar
Må kutta millionar
Meland må kutta kraftig i drifta etter at ekstrautbytte frå BKK må brukast til investeringar.
Endret 13.10.11 10:13
–Eg synest det er oppsiktsvekkjande at statsråden ikkje tek ansvar. Dette betyr at Meland kommune vert ein kasteball mellom Fylkesmannen og Kommunaldepartementet.
Det seier ordførar Nils Marton Aadland etter at Liv Signe Navarsete sitt departement «ikkje finn det nødvendig å ha møte» med Meland kommune om bruk av utbytte frå BKK. Det var nemleg svaret kommunen fekk tysdag, etter å ha tatt opp problemet med at Meland, og andre kommunar, ikkje har eit godkjend budsjett for 2011.
Vart «Svarteper»
Meland fekk, som Bergen kommune, grønt lys for å bruka ekstrautbytte frå BKK i drifta.
Seinare klaga opposisjonen i Bergen på dette med påstand om at utbyttet berre kunne brukast til investeringar. Det har Kommunaldepartementet konkludert med er rett. At Meland betalar ned gjeld, er å bruka BKK-utbyttet som driftsinntekter, i staden for å putta pengane inn i nye investeringar.
Dermed sit Meland att med «Svarteper», eit ugyldig budsjett som ikkje er i balanse.
– Me held oss til pålegg frå Fylkesmannen om å betala ned underskot, som viste seg å vera feil. Departementet visste konsekvensane for oss. Då hadde me forventa at departementet ville inngå ein dialog, seier Aadland.
– Råkar innbyggjarane
At BKK-utbyttet må gå til investeringar, svekkar både rekneskap for 2010 og drifta i 2011.
No pådreg ein seg truleg ein auka minus i 2011 og vert ikkje ferdig med oppsamla underskot neste år.
– I staden må me kutta opp til 7,7 millionar. Innbyggjarane vil merka eit redusert tilbod i tenestene, ein konsekvens av departementet si avgjerd, seier Aadland. Meland møter i dag Fylkesmannen på nytt.
– Me vil i alle høve gjera alt som er mogleg for å betra situasjonen, seier Aadland.
BKK-utbytet kan gå til å redusera låneopptak til investeringar. Dette gjev kommunen ein viss reduksjonen i drifta, men på langt nær dei summane ein må ta inn gjennom kutt.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





