Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 
– Må rasgranska ufarleg skråning

– Må rasgranska ufarleg skråning

Del | |

Det vert kostbart viss ei mengd hus- og hyttebyggjarar i Masfjorden skal betala hundre tusen kroner for å få vurdert rasfaren i kvart sitt område. Utpressing, kallar Arvid Andersen eit slik krav.

Publisert 08.08.12 18:03
Endret 09.08.12 14:32

Andersen vil byggja ein fritidsbustad inne i Fossdalen som går opp frå Eikemofjorden. Han bur på Hosteland, og er ein av seks sysken som sidan 2009 har jobba med å få delt opp og regulert ein eigedom dei har ervd. I år har det kome krav om at arvingane må få utarbeidd ein rapport som vurderer eventuell rasfare i lia ovafor dei planlagde tomtene. Elles vert ikkje reguleringsplanen godkjent, og ingen får byggja.

Flisespikkeri
– Dette er berre flisespikkeri og tøys. Einkvar som ser oppetter lia, vil forstå at her ikkje finst nokon rasfare. Likevel vert me tvungne til å innhenta ein konsulent som skal ta eit overblikk, og setja på eit papir at me kan få byggja, etter å ha teke seg godt betalt, seier Arvid Andersen.

Han har på vegner av arvingane fått innhenta tilbod om vurdering av rasfaren på staden, og to ulike selskap med geoteknisk ekspertise har gjeve tilbod som er på 80.000 kroner og 130.000 kroner.

Slakk stigning
Terrenget opp mot Gullhogheia er såkalla slefjell, det vil seia slett og fast berg som også har noko vegetasjon.

– At offentlege myndigheiter no krev oss for ein slik tilleggskostnad, ser eg på som sabotasje. Me har brukt mykje tid på å få denne reguleringsplanen på plass, og rett før alt skulle vera i orden, kjem dette her. Viss folk i teknisk etat i Masfjorden kommune hadde ei aning om at det kunne vera rasfare i området, skulle me ha fått veta det då planarbeidet tok til.

Ikkje lett å forstå
Andersen har store problem med å ta eit krav om vurdering av rasfare på alvor. I bergskråningane ovanfor det aktuelle området er det slakkare enn dei fleste andre stader i Masfjorden kommune.

– I dette området har det aldri vore ras av noko slag, verken av stein eller snø, heller ikkje frå meir bratte parti i nærleiken. Viss det her skal vera snakk om rasfare, må det aller meste av Masfjorden vera rasutsett, og då forstår eg nesten ikkje at folk kan halda fram med å bu folk i dei indre fjordområda av kommunen, seier Andersen.

Gale av kommunen
Han synest det vert heilt bakvendt at tilfeldige utbyggjarar skal verta plaga på denne måten.

– Då me begynte å planleggja, skulle Masfjorden kommune hatt ein plan og ein oversikt for kor det er nokolunde trygt å byggja, og kor det kan vera meir tvilsamt, slik at tilhøva bør undersøkjast nærare. I staden får me no ei slik ekstrarekning på tampen, etter å ha brukt pengar på planarbeid og offentlege gebyr.

Arvid Andersen tenkjer også på andre som har byggjeplanar i Masfjorden, og som må leggja ut mykje pengar til vurdering av rasfare, kanskje for å enda opp med ein negativ konklusjon. Han lurar på korleis kommunen har tenkt på å få til utvikling under slike forhold.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Vil gje Skodvin utsetjing

Vil gje Skodvin utsetjing

LINDÅS: Nedlegging av den kommunale Skodvin skule bør utsetjast eitt år, meiner eit klart fleirtal i levekårsutvalet i Lindås (bilde).

    Radøyløpet vart folkefest

    Radøyløpet vart folkefest

    Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Franzen (nr. 60) raskast.

      Folkemøte på Byrknes

      GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.

        Ayla måtte avlivast

        Ayla måtte avlivast

        MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

          Lathi på Everest for andre gong

          Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

            Tok årets første bad

            Tok årets første bad

            MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

              Siste kortnytt