Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Må venta på ubåt-pengar

Del | |
FEDJE: Ifølgje fylkeskommunen har regjeringa løyvd 35 millionar kroner til undersøkingar av ubåtvraket ved Fedje. Det stemmer ikkje.  
Publisert 16.02.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Kystverket har fått 35 millionar kroner til rådvelde til vidare førebuingsarbeid i år, skriv Hordaland fylkeskommune i ei pressemelding.

? Nei, det er ikkje rett. Kystverket har bede om 31 millionar, men pengane er ikkje gjeve, seier ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig i Fiskeridepartementet.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og Fedje-ordførar Erling Walderhaug var tysdag i møte med departementet om ubåt-saka. I ei oppsummering av møtet skriv fylkeskommunen at 35 millionar kroner er på plass. Men det vil i beste fall ta eit par veker før departementet avgjer om Kystverket skal få ein slik sum.

? Det kan gå ei stund, seier Ullbæk Selvig.

? Då har eg oppfatta det feil. Det var bra at me fekk klara opp i dette, seier fylkesordføraren når Strilen opplyser at pengane ikkje er løyvd.

Kystverket har bede om pengar for å granska vraket nærare. Den tyske ubåten hadde truleg opp mot 70 tonn kvikksølv om bord. Spørsmålet er om dette ekstremt miljøfarlege stoffet skal hevast eller dekkjast til. Kystverket vil finna ut av dette i sommar, og så gjera noko med problemet i 2007. Dette har Fedje kommune og fylkeskommunen protestert kraftig på, dei vil ha kvikksølvet opp av botnen alt i år. Det fekk dei ikkje gjennomslag for i møtet med Fiskeridepartementet.

? Det mest trulege er nok at det skjer i 2007. Me ville helst hatt kvikksølvet opp alt i morgon. Men det er vanskeleg å seia at Kystverket tek feil når dei seier det trengst meir tid, seier Fedje-ordføraren.

Han synest dei møtte stor forståing for synspunkta sine i møtet med departementet.

Det skal opprettast ei prosjektgruppe for ubåtvraket, og Fedje ønskjer å få ein representant med i denne gruppa.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt