Mange minnast Eirin (15)
Endret 20.08.07 10:49
Verdig minnestund
Meland Ungdomsskule vart opna for vener og medelevar frå klokka 19 laurdagskvelden, fortel lensmann Einar Vatne.
? Det var ei minnestund der i ni-tida om kvelden, og ungdomane fekk informasjon om kva som hadde skjedd. Deretter gjekk me samla opp til ulukkesstaden, der det var ei markering med tenning av lys og nedlegging av blomar. Prest Rune Minde sa også nokre ord på staden, seier Vatne.
Vegen vart stengt i ein god halvtime under markeringa. Vatne seier det var ei flott og verdig minnestund. Søndag var det samling i bedehuset.
Det vert gravferd frå Meland kyrkje fredag klokka 12.00, fortel lensmannen.
Denne ulukka har prega både Frekhaug og store deler av Nordhordland dei siste dagane.
Som følgje av ulukka vart også fotballturneringa Bend It Cup, som skulle gå på Fossemyra søndag, avlyst. Vatne seier at politiet framleis etterforskar saka, og at dei enno ikkje har teke stilling til om den 22 år gamle føraren av bilen som køyrde på jenta kan klandrast for ulukka.
Vil rekna ut farten
Blant det dei etterforskar er kva fart bilen hadde i 60-sona. Det er tydelege bremsespor i vegbana, og det vert noko av grunnlaget når dei skal rekna ut farten på bilen.
Jenta vart påkjørt då ho saman med veninna skulle sykla over riksvegen ved overgangen mellom krysset til Frekhaug og krysset til vegen opp til Fossemyra.
Veninna som sykla saman med den omkomne, kom frå ulukka med lettare skadar.
Ulukka skjedde i åtte-tida om kvelden, og 15-åringen vart frakta til Haukeland Universitetssjukehus med Luftambulansen. Sjukehuset opplyste lenge at tilstanden til jenta var kritisk og ustabil. Laurdag ettermiddag vart ho erklært død.
Bilen køyrde langs riksvegen frå vest i retning mot krysset ved Frekhaug.
Dei to jentene kom syklande nedover vegen som går frå Fossemyra, og skulle kryssa vegen der det er opning i midtrabatten og i autovernet på begge sider. Jenta vart då påkøyrd.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





