Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Mange mot funkis i Alversund

Del | |
LINDÅS:  Kring 350 har skrive under protestlista mot 36 leilegheiter i funkisstil på Tveiten i Alversund.
Publisert 24.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Hadde me lagt opp til det, kunne me heilt klart fått fleire underskrifter. Men me er nøgde med dette. Det viktigaste er å seia frå. Me vil ikkje ha noko nytt industribygg på denne tomta, seier Bjarte Alvær, ein av initiativtakarane til aksjonen.
Frå dei som møtte opp for å markera oppslutninga om aksjonen tysdag, er det mange innvendingar. Enkelte hadde helst sett at det skjemmande industribygget vert rive og stranda vert  fri og tilgjengeleg for alle.
Men kommunen har alt opna for bustadbygging i sitt bustadbyggeprogram. Føresetnaden der er at leilegheitene ikkje vert innflyttingsklare før sommaren 2009.

For stort og feil stil
Aksjonen er difor først og fremst retta mot å få redusert storleiken på utbygginga, helst til det halve.
? Med så mange nye leilegheiter tippar eg det vil verta mange ledige einebustader i Alversund. Og dermed vert det ny kraftig folkeauke utan at tilbod innan skule, barnehage og idrett er på plass, seier Magne Legernes i IL Alvidra.
Mange reagerer også på at leilegheitene er planlagt i funkisstil og at hovudbygget vert høgt og dominerande.
? Utbyggjarane må halda seg til den lokale byggjeskikken, slik me andre er bedne om av kommunen, seier Bjarte Alvær. Han leverer lista med underskrifter til ordførar Tove Linnea Brandvik i dag.

Vil ha modell
Utbyggjar er selskapet FG Eiendom AS, der Frank Rune Dale frå Meland er dagleg leiar. Saka skal opp i plan- og miljøutvalet 30. august.
Rådmannen rår til at det vert utarbeidd ein overordna plan for nybygging og endringar i eksisterande bygg langs sjøsida i Alverstraumen.
Den skal ta omsyn til historia i området, på same tid som ny arkitektur «må få høve til å gje eit tilpassa uttrykk for den tida vi er i no», meiner rådmannen.
Rådmannen tilrår og at det vert utarbeidd ein modell som viser leilegheitskomplekset i lag med dei omliggjande eigedomane og bygg, inkludert kyrkja i Alversund.
Etter at det er klart, kan planutvalet koma tilbake til saka, meiner rådmannen.

Forundra
Frank Rune Dale hjå utbyggjaren FG Eiendom AS stiller seg uforståande til underskriftskampanjen som er starta for å stoppa planane på Tveiten.
? Eg er heilt usamd i at det har vore lite dialog med naboane i denne saka, seier Dale. Han seier at han har vore i samtalar med fleire av dei, og hevdar og at han alt har teke omsyn til nokre av innspela som har kome.

Redusert takhøgde
? Mellom anna har me redusert takhøgda på bygget nærmast sjøen med ein etasje, og flytta dette lenger bak. Bryggja vert og tilgjengeleg for alle. Dermed opnar me opp eit område for bygdefolket som tidlegare har vore utilgjengeleg, seier Dale.
Eit utsiktpunkt på toppen av bygget vil og vera tilgjengeleg for andre enn dei som bur i leilegheitene.
Dale meiner at dei som protesterer ikkje kan ha forstått korleis saksgangen i slike saker er.
? Først skal saka opp i planutvalet i kommunen. Når saka deretter vert lagt ut for offentleg ettersyn, har folk høve til å koma med uttale til prosjektet. Me vil då og ta kontakt med dei utbygginga vil få direkte konsekvensar for. Alle saklege og godt grunngjevne merknader vil me prøva å ta omsyn til, seier Dale.
Dale meiner at det prosjektet FG Eiendom AS legg fram er heilt unikt og spanande ? eit bygg som folk i Alversund vil kunna gleda seg over i mange år framover. Den spesielle marinaen i samband med prosjektet vil til dømes også andre enn dei som bur i bygget kunna nytta seg av, seier han. Dale seier og at han tidlegare har presentert prosjektet for politikarane i plannemnda, og at presentasjonen vart godt motteken av dei.

Ideen på tur
? Ideen til prosjektet fekk eg då eg var på tur forbi Alversund, og såg det noverande svært skjemmande fabrikkbygget i eitt av dei vakraste områda i Nordhord-land, fortel Dale.
Han seier og at eitt av alternativa til det bustadprosjektet han legg opp til, kan verta eit nytt moderne industribygg til erstatning for det gamle. Det vert til langt meir ulempe for folk i området enn desse leilegheitene, meiner han.

? Ikkje funkisbygg
Ein av innvendingane til dei som protesterer er utsjånaden til det planlagde bygget. Det er arkitektkontoret LINK signatur som står bak teikningane.
Arkitekt Rolf Maurseth seier at bygget dei har teikna ikkje er eit funkisbygg, men eit bygg i modernistisk stil. Den fabrikkbygningen som står der frå før, og fleire andre eldre bygningar opp langs Radsundet, er derimot funkisbygg i ordet sin rette forstand, meiner han.
? Me har prøvd å tilpassa dette bygget til omgjevnadene, og har teke med islett av lokale ting, seier Maurseth. Han viser mellom anna til at kopar, som bygget skal kledast med, tradisjonelt er mykje brukt i bygningar i regionen.
Maurseth seier og at det slett ikkje er uvanleg med protestar når det vert planlagt eit nytt bygg i eit område, men meiner at kommentarar som «valdtekt av Alversund» vitnar om manglande kompetanse og eit svært konservativt syn på arkitektur og utvikling generelt.
? Dette vert eit bygg som vil leva lenge, og vil medverka til det arkitektoniske mangfaldet opp gjennom leia, seier arkitekten.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt