Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Manger og Sæbø kan få landskapsparkar

Del | |
RADØY: To område i Radøy er plukka ut til å vera med i fylket sitt prosjekt for å laga landskapsparkar. Målet er å skapa næringsverksemd av kulturlandskapet.
Publisert 18.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Det eine området er gardane Tolleshaug, Olsvoll og Solheim på Sæbø, som i 2003 fekk fylket sin kulturlandskapspris. Det andre området er kommunen sin tusenårsstad frå Morken og Nøttveit og opp på Nøttveitveten.

Tolv kommunar
I alt tolv kommunar hadde søkt om å få vera med i prosjektet, men berre seks vart denne veka plukka ut.
Av dei som fekk avslag, er Kvalvågneset i Lindås og Ypso i Meland.
Når no Radøy er vald ut til å vera med, skal det setjast ned ei styringsgruppe for prosjektet.
Skapa næring
? Målet med prosjektet er at ein skal skapa næringsverksemd med utgangspunkt i kulturlandskapet, seier jordbrukssjef Øyvind Thømt i Radøy kommune til Strilen.
Næringsverksemda kan vera alt frå matservering og sal av lokalproduserte matvarer til guida turar og overnatting.
For å leggja til rette for meir aktivitet kan det vera aktuelt med rydding av skog og kratt, opparbeiding og skilting av turstiar og restaurering av gardflorar og steingardar.
For å skaffa overnattingsplassar kan istandsetjing av gamle gardshus vera eitt alternativ.

Samarbeid
Men det er ikkje berre grunneigarane som skal vera med i prosjektet. Lokale overnattingsverksemder, som Smiths Pensjonat og Hella skulestove, kan vera samarbeidspartnarar. Det same er Radøy ridesenter på Morken og Tjore  gardsmat på Sæbø.
Prosjektet skal gå over tre år, og det vil verta gjeve tilskot til dei ulike prosjekta. Men kor mykje pengar dei vil få, er ikkje avklart. Kommunen må også gå inn med litt pengar, og i tillegg vert det satsa på eigeninnsats. I prosjektskissa for Radøy vert det operert med årlege utgifter på 360.000 kroner.
Forskarar frå Rokkansenteret ved Universitetet i Bergen og Aurland Naturverkstad i Sogn skal hjelpa til med råd og rettleiing.
Prosjektet er finansiert med midlar frå fylkeskommunen, Innovasjon Noreg, Fylkesmannen og kommunane som er med i prosjektet.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt