Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Manger-kinoen på topp igjen

Del | |
RADØY: Nær sagt som vanleg er Manger den best besøkte bygdekinoen i landet, dette året med 3.051 kinogjestar. 
Publisert 23.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Totaltalet er litt lågare enn i 2005, men det året var det litt fleire framsyningar enn i 2006. Snittet per visning er det same for 2005 og 2006, med 73 gjestar på Manger.
Lindås er også høgt oppe på lista med sine 1.584 kinogjestar, og på Lygra var det 1.302 som løyste billett i fjor.
Alle mest populær av filmane var «Istid 2», som nok særleg appellerte til dei yngre strilane. Med 1.893 billettar til denne filmen hadde Nordhordland faktisk ein åttandedel av billettsalet til denne filmen for Bygdekinoen i heile landet.

Barnefilmar
Svein Sellevold i Bygdekinoen fortel at det er barnefilmane som dreg publikum til kinoane. «Istid 2» toppar føre «Biler», deretter kjem «Legenden om Narnia», «Olsenbanden jr. på Cirkus» og «Pusur 2».
? No i næraste framtid kjem det også ein ny Olsenbanden junior-film, seier Sellevold, som har kjørt Bygdekinoen-bilen i snart seks år.
? I sommar kjem ein ny Harry Potter-film. Av ungdomsfilmar kan nemnast den tredje Pirates of The Caribbean-filmen. Det vert artig å sjå Keith Richards, han skal ha ei rolle der.
Sellevold har også trua på dei norske filmane, etter at fleire av dei siste har vore gode.
? Ta til dømes «Fritt Vilt», den var bra.

Slutt for Frekhaug
På Frekhaug har det vore visningar i Meland Aktiv, men hausten 2006 vart det slutt på dette.
? Det var problem med å få folk til å stilla som vakter. Det var kommunen som stod for dette, og dei synest det var veldig trist at det tok slutt, seier Svein Sellevold.
Bjordal i Høyanger har no fått visningsdagen som Frekhaug hadde.

«Kabal i hjerter»
Sellevold skal no ut og visa Øyvind Sandberg sin film «Kabal i hjerter». Filmen skal visast på ulike ungdomsskular, mellom anna på Manger, i Alversund, Knarvik og på Lindås.
? Akkurat i desse dagar er eg rundt og ser på lokala som filmen skal visast i, seier Svein Sellevold.
Desse skulevisningane vert det dekka av fylkeskommunen, gjennom pengane som er sett av til «Den kulturelle skulesekken».


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt