Manger kjører i Rally Bergen
Endret 20.08.07 10:49
? Eg har sett på større bremser, og fått på fjører som er betre tilpassa asfalt, seier Arne Manger.
Manger og kartlesar Svein Petter Silseth har kjørt dei fem av årets sju NM-rundar som så langt er arrangerte. Dei fleste NM-rundane går på grusvegar, og laurdagens asfaltløp krev endringar både på bilen og kjørestilen.
? Rally Bergen er ikkje eit NM-løp, men eg må vera med der sidan det er på heimebane. Og så er det fin opplading til NM-runden i Larvik, for den skal også gå på asfalt, seier Manger.
Dei to siste rundane i NM går i Larvik 9. september (asfalt) og i Hedmark 23. september (grus).
Skriva notar
Løpet på Osterøy går over ein lang etappe på sju kilometer, og to korte på kring to kilometer kvar. Alle etappane skal kjørast tre gonger. Løypa er mykje den same som i 2005, med unntak av at to etappar er slegne saman til ei lang. Og så har ein snudd kjøreretninga i den etappen der det i fjor var ei stygg utforkjøring.
? Svein Petter Silseth kjem over frå Austlandet med fly i fredag, og så skal me ut på Osterøy for å skriva notar, seier Manger.
Løypa vert ikkje stengt i samband med gjennomkjøringa, slik at denne må gjerast i 50 kilometer i timen slik fartsgrensa er på staden. Då er utfordringa å sjå for seg korleis det same strekket ser ut når ein kjem susande i det doble eller meir.
? På det raskaste kan me nok koma opp i 170-180 kilometer i timen. Då må ein kunna stola på sidemannen med kartet, og på det som vart notert under gjennomkjøringa i 50 kilometer i timen.
Manger har kjørt tre sesongar med Svein Petter Silseth som kartlesar, den første i ein eigen Nissan Almera-cup, og dei to siste i rally etter at Mitsubishien vart kjøpt. Etter at Manger sin første kartlesar måtte gje opp grunna bilsjuke, måtte radværingen til Bærum for å finna ein ny sidemann.
? Han som Silseth kjørte med før, knuste bilen og skulle gje seg. Me kjørte eit løp saman, og det fungerte bra, fortel han om det snart tre år lange samarbeidet.
Siktar mot VM-runden
Så langt i år har Manger/Silseth ein sjetteplass og to sjuandeplassar som sine beste plasseringar i NM, det gjev ein niandeplass totalt. Målsettinga før sesongen var å koma mellom dei ti beste, men sidan det har gått bra til no vonar Manger at dei kan klatra ytterlegare på dei to siste NM-rundane.
? Neste år satsar me på å vera med i VM-runden som skal arrangerast i Hedmark, seier Manger.
Rally Norway var i år ein NM-runde, neste år vert det ein WRC-runde der Petter Solberg og dei andre store er på startstreken.
Skrur sjølv
Mellom løpa gjer Manger sjølv unna all skruinga på bilen, så det vert nokre timar i garasjen for radværingen. Til dagleg arbeider han som industrimekanikar hjå Frank Mohn Flatøy, og i tillegg har han nyleg også teke over heimegarden.
? Eg får god hjelp av foreldra mine, elles hadde eg ikkje klart dette, seier Manger om korleis ein kan kjøra NM-rundar i rally samstundes som det skal verta tid til arbeid, fjøsstell og grashausting.
Dersom det vert kjøring i WRC-runden i Hedmark i 2007 vil nok Manger møta team med litt fleire på lønningslista.
? Det vert nok dyrt å vera med der borte, så det hadde ikkje akkurat gjort noko med fleire sponsorar. Med tre dagar med kjøring går det vel 20.000 kroner berre i bensin, og like mykje i påmeldingsavgift, seier Arne Manger.
Rallybensinen på 102 oktan kostar 40 kroner literen, og med full gass går det sju liter på mila.
www.rallybergen.no
Kjørarane i Rally Bergen laurdag vil starta frå Valestrandsfossen kring klokka 13.00, for å kjøra til start på den første fartsprøva. Det vert kjøring fram til kring klokka 16.00.
Dei som vil til Osterøy for å sjå løpet kan finna meir info og løypekart på løpsarrangørane si heimeside på Internett, www.rallybergen.no.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





