Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Manger kyrkje vert stengd i tre månader

Del | |
RADØY: Innvendig ombygging i Manger kyrkje gjer at kyrkja vert stengd i tre månader. Kyrkja skal både få handikaptoalett, stellerom og utvida rømingsvegar, opplyser kyrkjeverje Meinert Helland.
Av
Publisert 05.09.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Manger kyrkje vert frå tysdag i neste veke stengd fram til 10. desember. I denne perioden skal arealet under galleriet byggjast inn. På eine sida av midtgangen vert det toalett for funksjonshemma og stellerom for dåpsborna. På andre sida kjem eit nytt laget.

Rømingsvegar
Kyrkja skal og få utvida rømingsvegar.
? Dørene framme i koret skal utvidast frå 70 til 90 centimeter breidde. Det har vore ein omstendeleg prosess for å få dette godkjent, men til slutt greip biskopen inn, fortel kyrkjeverje Meinert Helland til Strilen.
Når ein får nytt lager, kan ein også rydda bort ting som står lagra i eine trappa opp til galleriet no. Det gjer at ein på nytt kan ta plassane på galleriet i bruk.
? Sjølv om me misser nokre benker bakerst i kyrkja, vil me kunna ta fleire folk inn i kyrkja enn no fordi rømingsvegane vert utvida, seier Helland.
Totalt vert det plass til rundt 400.
Det skal også utførast fleire utbetringar inne i kyrkja. Det skal koma rampe for rullestol opp i koret, og trappa opp i koret skal flyttast litt. Golvet skal slipast ned og deler av kyrkja skal malast opp att.
? Totalt er det snakk om ei utbetring til 1,3 millionar kroner, fortel Helland.

Sæbø og Hordabø
I den tida kyrkja på Manger er stengd, vil det vera fleire gudstenester i Hordabø og Sæbø kyrkjer.
Gravferdene vil også gå føre seg i desse kyrkjene, men gravplassen ved Manger-kyrkja vil  vera i bruk som normalt sjølv om kyrkja er stengt.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt