Manger Seafood kjøpt opp av Lofotprodukt AS
MANGER: Produksjonen av fiskemat vert flytta til Godvik i Bergen.
Endret 16.08.11 09:42
Dermed vert det slutt på fiskematproduksjonen på Manger, som Hans Henrik Fanebust starta opp tilbake i 1967. I dag er det sonen Rune Fanebust som driv selskapet.
– Alle tilsette i produksjonsavdelinga hjå Manger Seafood AS får tilbod om å jobba ved Lofotprodukt sin fabrikk i Godvik, heiter det i ei pressemelding som er sendt ut i samband med oppkjøpet.
Dette overføringstilbodet gjeld ikkje dei fire sjåførane, sidan distribusjonen heretter vil gå via grossist og ikkje direkte til butikk.
Dei tilsette på Manger vart varsla om oppkjøpet og flyttinga i går. I alt er det kring femten årsverk i verksemda på Manger.
Flyttinga finn stad innan 1. september.
Madam Bergen
Lofotprodukt AS overtok merkenamnet Madam Bergen i 2009, og har sidan drive i ein ny og moderne fabrikk i Godvik. No skal også produksjonen under merkenamnet Manger Seafood finna stad der, etter at familien Fanebust har selt alle aksjane i Manger Seafood AS til selskapet Lofotprodukt AS.
Sistnemnde er eit større selskap, med kring hundre tilsette, og fabrikk både på Leknes i Lofoten og i Godvik, Bergen.
Sidan 2006
Manger Seafood AS driv med produksjon og sal av fiskemat til daglegvare- og storhushaldningsmarknaden på Vestlandet. Produksjonen under dette merkenamnet starta opp att i 2006, og tok over etter at produksjonen under namnet Manger Fiskemat vart flytta vekk frå Radøy. Iglo Manger AS kjøpte Manger Fiskemat i 2000, og dreiv så på Manger fram til september 2005. Etter dette var det stopp eit halvår, før Manger Seafood-namnet vart teke i bruk for den nye produksjonen.
Oppskrifter og produksjonsmetodar for Manger-produkta skal ikkje endrast i samband med den siste overtakinga, og Rune Fanebust, dagleg leiar i Manger Seafood AS, er tilsett som kundekonsulent i Lofotprodukt AS med spesielt ansvar for Manger- produkta.
Ny aktivitet
Saman med faren og søstera eig Rune Fanbust framleis lokala på kaien på Manger, og han håpar at dei på sikt vil få til ny aktivitet der.
– Først må me kjøra denne flytteprosessen ferdig og ta vare på dei som skal takast vare på. Men på sikt er det klart at me håpar å få inn ny aktivitet som gjev arbeidsplassar, seier Rune Fanebust.
Bygningane som no vert ledige er to store betongbygg med god takhøgde, og eigen kai rett utom døra.
- Her må det vera gode moglegheiter, med både Sture og Mongstad like ved. Eg vonar at nokon ser moglegheitene her, seier Fanebust.
FAKTA:
Lofotprodukt AS:
- Etablert i 1994, med hovudkontor på Leknes i Lofoten. Fabrikkar på Leknes og i Godvik i Bergen, samt sals- og marknadsavdeling i Oslo.
- Omsetnad 2010: ca 175 millionar.
Manger Seafood AS:
- Vidareføring av lokal produksjon, som starta på Manger i 2006.
- Ligg på Manger i Radøy kommune.
- Omsetnad 2010: ca 20 millionar.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





