Manglande lykt kan kosta dyrt
Endret 20.08.07 10:49
? No må de skriva noko om alle som ikkje refleks, og alle som ikkje har lykt på sykkelen. Nyleg køyrde eg på vegen frå den nye idrettshallen på Fossemyra og ned til hovudvegen på Frekhaug. Der var masse born ute på kveldstid, og nesten ingen hadde refleks på seg. Av dei som sykla, såg eg berre ein som hadde lykt. Dette er svært trafikkfarleg, seier ei kvinne som ringjer til Strilen.
Ho reknar med at etter den nye hallen opna, vert det mykje trafikk av gåande og syklande frå Fossemyra og ned til Frekhaug.
? Sjølv om der er gang- og sykkelveg, trur eg dei kjem til å bruka bilvegen, seier ho.
Passa på
? Å køyra utan lykt på sykkelen er både trafikkfarleg og ulovleg, seier politiførstebetjent Ove Hindenes ved Lindås og Meland lensmannskontor i ein kommentar.
Han understrekar at det er foreldra som må passa på at borna har sykkel i forskriftsmessig stand.
? No kostar det 900 kroner i bot viss du køyrer utan lykt på sykkelen. Bota vart auka frå 500 kroner i fjor, fortel Hindenes.
Utvaska
Når det gjeld refleks, gjer Hindenes merksam på at refleksvestar vert utslitne i vask, slik at refleksverknaden forsvinn.
? Der er nok mange som spring rundt med falsk tryggleik, seier han.
På grunn av ressurssituasjonen er det sjeldan det lokale politiet har høve til å ha kontrollar når det gjeld lykt og anna tryggingsutstyr på syklane, og Hindenes tvilar på at dei kjem til å ha nokon med det første, verken på Frekhaug elle andre stader. Men han påpeikar at dei som brukar sykkel, er pliktige å passa på dette sjølve.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





