Mann kom seg ut då hus brann ned
STRANDA: Ein mannleg leigetakar og hunden hans kom seg ut då eit hus på Stranda brann ned søndag. (Foto: Erlend Spurkeland).
Endret 02.10.11 15:58
– Det var ein mann og ein hund i huset då det begynte å brenna, men dei kom seg ut, opplyser Jacob Hernar, vakthavande brannsjef i Lindås og Meland brannvern.
Ein bustad og tilhørande garasje på Veland vart totalskadde i brannen
Då alarmen gjekk hjå brannvesenet klokka 12:13 søndag ettermiddag gjekk meldinga på at flammane stod ut av glasa i bustaden.
– Me kom på staden klokka 12.39. Då var huset overtent, seier Hernar.
Brannmannskapar frå fire bilar fekk kontroll på brannen.
– Både huset og garasjen er totalskadde av brann. No vil me halda på med ettersløkking i nokre timar utover ettermiddagen, seier Hernar.
– Fæla smelling
Naboar samla seg i vegen nedanfor huset.
– Dette er utruleg ekkelt. Eg sat inne og hørte fæla smelling. Eg trudde det var nokon som skaut med gevær. Eg sprang ut og eg skvatt då eg såg eg den svarte røyken, seier Rannbjørg Veland, nabo til bustaden der det brann.
Mannen som redda seg ut av brannen vart frakta til legevakt for helsesjekk. Deretter vil politiet snakka med han.
Etterforskar årsaka
– Brannårsaka skal etterforskast, men det kan sjå ut til at brannen har starta fleire stader samtidig. Den har starta på høgre side av bustaden og venstre side av garasjen tilsynelatande samtidig. Dette er spesielt og må undersøkast vidare, seier politiførstebetjent Svein Atle Hatlevik.
Då brannvesenet og politiet kom til staden var det full fyr i skogen bak bustaden.
– Her er mykje skog og det ligger bustader langs heile skogkanten, så dette kunne vorte ein mykje verre situasjon. Heldigvis var skogen våt og me fekk tatt ut vatn frå elva like ved vegen, slik at brannen kunne sløkkjast, seier Hatlevik.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





