Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Meir fokus på bilen enn maten

Del | |
Eit rett kosthald kan redusera problem som uønskt åtferd og psykiske problem. Likevel er me meir nøye på at bilen får riktig drivstoff enn at me et riktig mat. Dette seier ernæringsterapeut Børge Rønhovde som nyleg har etablert seg med klinikk på Radøy.
Publisert 25.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Han har tidlegare arbeidd med ernæring i Oslo og Tonåsen Opptreningssenter, og har halde ei rekke føredrag om temaet ulike stader.

? Me får i oss for mykje av det me ikkje burde få i oss, og for lite av det me burde få i oss, seier han.

Bråk i skulen

Rønhovde viser til tal frå Helse- og sosialdepartementet, der det går fram at ein av fem barn og unge har psykiske plager og 11.000 born og unge vert medisinert mot hyperaktivitet. Statistikkar viser og at den norske skulen er ein av dei verste i Europa i høve manglande disiplin og respekt for lærarane. Rønhovde meiner at ei viktig årsak til desse problema kan vera feil kosthald.

? Det er lettare å måla fysiske faktorar enn psykiske. Å investera i testar for å få mest mogleg tal på bordet som kan stadfesta eller avkrefta ulike mistankar, er ein av dei beste gåvene ein kan gje til seg sjølv og borna, seier ernæringsterapeuten.

Mat ein ikkje toler

? I programmet «Schrödingers katt» i førre veke kom det fram at menneske med ulike psykiske diagnosar og uønskt åtferd lir av proteinintoleranse, altså at det er ulike typar mat dei ikkje toler. Innføring av dei rette tiltaka hjå disse gruppene har god effekt, seier Rønhovde.

Han fortel at på grunn av redusert fordøying vert desse proteina omdanna til morfinliknande stoff, som dermed gir ein tilsvarande narkotisk verknad. Han hevdar at det er menneske med schizofreni, tunge psykosar, depresjonar og hyperaktivitet som har vorte heilt eller langt på veg symptomfrie etter å ha kutta ut visse matvarer. Alt etter fire dagar har ein opplevd merkbare endringar. Tilsvarande tilbakefall kan koma etter berre eitt måltid med feil mat, fortel Rønhovde, som legg til at ein del psykiske lidingar sjølvsagt også er psykisk betinga. Folk som har kontakt med lege eller psykolog må difor halda fram med det.

For mykje sukker

Kvar person i Noreg har eit inntak på 45 kg sukker per år. Blant skuleungdom er det endå høgare. Ei flaske brus kvar dag gjev 10.000 sukkerbitar i året, noko som tilsvarar tre fulle bøtter.

? Dette gjev ikkje berre disposisjon for lidingar som hjarte-kar, diabetes 2 og overvekt. Det forsterkar blodsukkersvingingar som igjen forsterkar plager med minnet, konsentrasjon og læring. I tillegg kan det forsterke lidingar som migrene, muskel- skjelettplager, astma og allergi, seier ernæringsterapeuten.

Han fortel vidare at hjernen skal ha eit minimum av blodsukker for å fungera. Kjem ein for lågt reduserer ein og evna til læring, i tillegg til at terskelen for uønskt åtferd vert lågare. Det er særleg born dette går utover, då dei ikkje har den same mentale kontrollen som det vaksne har. Et ein mat som fører til rask stigning i blodsukkeret, svarar kroppen etter ei stund med å senda det til botn.

Kan gje aggresjon

Lågt blodsukker gjev lågare terskel for aggresjon, hevdar Rønhovde. Han meiner at enkelte konfliktar i ekteskap og familie kunne vore unngått om blodsukkeret ikkje hadde svinga som ein jojo.

? Det er enkle tiltak som skal til for å betra dette. I første omgang handlar det om å redusera inntaket av søtt og raffinert stivelse, og få i seg fullstendige måltider som varer. Det siste oppnår ein ved å tilføra blant anne feitt og protein, seier han.

Sjølv om foreldra står for mykje av læringa av gode vaner, meiner han skular og barnehagar kan setja i verk eigne tiltak som å fjerna bruksautomatar, nekta borna å gå på butikken i friminutta og redusera eting av kaker og anna snop ved ulike markeringar.

Mineralubalanse

? Næringsrik mat som inneheld nok vitaminar, mineral og viktige feittsyrer er nødvendig for at me skal fungera best mogleg. Mineralbalansen er i så måte eit godt spegelbilete av korleis me fungerer, fortel han.

Han seier vidare at overskot av kopar kan i større grad disponera for lese og skrivevanskar. Mangel på kalsium og særleg magnesium disponerer for uro, angst og muskelkrampar. Bly til dømes er veldokumentert som årsaksfaktor for antisosial åtferd, vald og kriminalitet. Mangan er eit metall ein ofte finn for mykje av hjå svært voldelege fangar.

Maten påverkar oss

Rønhovde meiner elles at det er ei tradisjonell oppfatning at kosthald har vore eit spørsmål om å verta mett, altså å tilføra kroppen nok energi for det me skal gjera om dagen. Han meiner at sunn fornuft tilseier at det ein et fire gongar om dagen i eit heilt liv påverkar oss. Han reagerer og på haldningane om at alt som har med helse å gjera skal vera billeg - aller helst gratis.

? Mange er meir opptekne av at bilen får rett drivstoff enn at ein får i seg rett mat, seier han, og legg til. ? Gode vaner har ikkje berre med kosthald å gjera, men og med rett innstilling. Ein må vera bevisst på kva som byggjer opp og kva som riv ned i einkvar forstand. Dette gjeld mat. Det gjeld livsstil og bumiljø. Det gjeld og kva me ser på, les og brukar tida vår på, seier Rønhovde.

 

 

 

 

 

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt