Meir snø i vente
Endret 20.08.07 10:49
? Tysdag og onsdag er det venta nordvest bris på kysten og enkelte snøbyger. Frå torsdag ventar me stigande temperatur og meir sørleg vind. Då er det fare for sludd og regn, opplyser meteorolog Magnus Angelvik ved Vervarslinga på Vestlandet til Strilen.
Angelvik seier at det natt til måndag kom meir snø i Nordhordland enn i Bergen og sørover.
Smell på brua
Det alvorlegaste uhellet Strilen hadde registrert innan kl. 14.30 i går, kom på Nordhordlandsbrua Ein kjedekollisjon førte til at ei kvinne måtte fraktast med ambulanse til legevakten i Bergen.
I alt tre bilar var involvert i kjedekollisjonen. Det var ein person i kvar bil. Politiet fekk melding om ulukka ved 09.15-tida måndag.
- Etter det me har fått opplyst, vart kvinna ikkje alvorleg skadd, opplyser politiførstebetjent Ove Hindenes til Strilen. Kvinna er snart 30 år og heimehøyrande i Bergen. Også dei to andre som var involverte i ulukka, er heimehøyrande i Bergen, opplyser Hindenes.
Dei tre bilane var på veg nordover mot flytedelen då ulukka skjedde.
- Det kom ein brøytebil imot, og snøføyka frå denne kan ha skremt kvinna som var i den fremste bilen, ein Toyota Corolla, seier Hindenes. Det var også glatt då kollisjonen skjedde.
Det var bilen som var i midten, ein Volvo, som fekk mest skadar. Dei to andre bilane fekk berre mindre skadar.
Få klager
Dei lokale lensmannskontora har ikkje registrert klager frå publikum på brøytinga. HSD sin trafikkvakt har heller ikkje notert nokon klagestorm frå sjåførane.
Men lensmann Roar Tofting i Austrheim meiner brøytinga på riksvegen 565 frå Marås mot Austrheim kunne vore betre.
? Eg passerte strekninga mellom kl. 07.30 og 08.00, og då kunne det vore brøyta betre, synest Tofting. Men verken han eller andre lensmannskontor har notert klager på brøytinga frå publikum.
Etter kl. 07.00 var det ein del vanskar i Lundsdalen på Radøy.
? Eg har 4-hjulstrekk, så det gjekk heilt fint å kjøra til Radøy i går, seier kultursekretær Rune Rydland. Han passerte Lundsdalen før perioden der det korka seg til.
Få buss-forseinkingar
? Her hjå oss har det gått veldig greitt. Me har ikkje registrert verre forseinkingar enn opp til ti minuttar på enkelte ruter, seier Karl Dale ved HSD sin trafikkvakt i Knarvik.
Dale seier at forseinkingane i stor grad skuldast privatbilar som kjører seint eller har sett seg fast.
? Frå sjåførane og inn til oss har det vore heilt stille. Så det må tyda på at brøytinga har gått greitt, seier Dale.
Mest si avdeling i Knarvik har også eit klart inntrykk av at brøytinga har gått greitt.
? Me har ikkje fått nokon klagestorm, seier driftsansvarleg Torgeir Eidsnes ved Mesta si avdeling i Knarvik. Om det har vore problem enkelte stader, seier Eidsnes at bilistane må rekna med at det tek litt tid å få snøen unna når snøfallet er på det verste.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





