Meland har passert 6000
Endret 20.08.07 10:49
Det er først og fremst Lindås som trekkjer opp folketalet i regionen, med ein auke åleine på 309 innbyggjarar i fjor. Meland medverkar også sterkt til veksten, og auka folketalet med 85.
Passerte 6000
Med ein auke på heile 48 berre i siste kvartal passerte Meland 6000 i folketal med god margin i 2006. Ved årsskiftet var innbyggjartalet 6016. På under ti år har folketalet auka med tusen personar. For 15 år sidan hadde Meland og Radøy om lag same folketal. Men medan Meland har hatt auke, har Radøy stått omtrent i ro og har no eit folketal på 4.658.
? Noko feiring? Nei, slikt får ordføraren ta seg av, ler assisterande rådmann Kari Anne Iversen i Meland.
Ho er glad for at kommunen har auke i folketalet, og seier at det er spanande å arbeida i ein vekstkommune. Ho trur nok at det er mange andre kommunar som kunne ha tenkt seg ein slik situasjon.
Også utfordrande
Men ho seier og at veksten medfører ein god del utfordringar. Planutvalet har no difor rådd kommunestyret til å starta arbeidet med ein kommuneplan for bustadbygging. Denne skal vera ein reiskap for å styra veksten i kommunen.
? Skulane må ha plass til å ta imot nye elevar, det skal teknisk infrastruktur på plass og ein skal ha kapasitet innan andre kommunale tenester som helse, kultur med vidare, seier Iversen.
Den nye planen, som Iversen håpar skal verta behandla av det sitjande kommunestyret, vil til dømes styra kvar og i kva tempo veksten i kommunen skal skje.
Vekst i Lindås
I Lindås held og veksten fram i siste kvartal, men litt svakare enn før i året. Men også i siste kvartal hadde kommunen eit høgt fødselstal med 51. Det er høgare enn kommunar som Os og Stord, som har fleire innbyggjarar.
Austrheim ser og ut til å vera inne i ein positiv trend, med ein auke på 14 personar siste kvartal. Det gjer og Radøy og Modalen som hadde ei vekst med ni og sju. I Gulen gjekk folketalet opp med ein person fjerde kvartal.
Vidare ned
Men på Fedje og i Masfjorden held nedgangen fram. Begge kommunane hadde kraftig nedgang også fjerde kvartal: Fedje med ti og Masfjorden med 19. Det er tydeleg at prosjektet som Masfjorden har sett i gang for å snu trenden, enno ikkje har hatt nokon verknad. Faktisk vart 2006 eit av dei mest negative for Masfjorden når det gjeld folketalet.
Ein ser og at medan Meland, Lindås og Austrheim har høge fødselstal, er det motsette tilfelle i Gulen og Masfjorden.
I heile landet auka folketalet med 40.900 i 2006. Så stor vekst har det ikkje vore registrert før. Ved utgangen av året budde det 4.681.100 menneske her i landet.
Slik er tala
Slik er tala for heile 2006 fordelt på kommunar:
Kommune Folketal 01.01. Fødde Folketal +/- Folketal 31.12.
Modalen 354 4 +2 356
Meland 5.931 81 +85 6.016
Radøy 4.635 44 +23 4.658
Lindås 13.285 191 +309 13.594
Austrheim 2.485 34 +35 2.520
Fedje 638 8 -18 620
Masfjorden 1.693 16 -62 1.631
Gulen 2.417 18 -11 2.406
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





