Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Meland-nei til bompakken

Del | |
Eit klart fleirtal i Meland kommunestyret sa i går kveld nei til fleirtalsforslaget frå regionrådet om ny bompakke. Berre KrF sine fire representantar røysta for.
Publisert 14.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Det som fekk fleirtal var eit fellesframlegg frå Meland Høgre, FrP og Ap, som gjekk på å arbeida for å få Nyborgtunnelen inn i Nasjonal Transportplan i perioden 2009 - 2019. Når tunnelen har kome på plass kan ein setja opp ein bom ved tunnelen, med høve for gratis omkjøring over Hylkje. Det er også i dette forslaget eit krav om minst 50 prosent statleg finansiering.
Samarbeidslista (Sv, Rv og Sosialdemokratane) og Marie Morken (Sv) var kanskje den som markerte seg sterkast mot bompengar i debatten. Morken la fram eit forslag som mellom gjekk på at Meland kommunestyre går i mot Nordhordlandspakken slik han ligg føre. Dei var heller ikkje villige til å vera med på å betala bompengar for vegar andre stader i regionen.
Fellesforslaget frå H, FrP og Ap vart vedteke mot KrF sine fire og Samarbeidslista sine tre representantar.
Meland kommunestyre var det første som tok stilling til det nye forslaget om Nordhordlandspakke. Dette forslaget inneber at det største prosjektet i fase 1 vert ny riksveg over Radøy, medan Nyborgrunnelen kjem i fase 2. Forslaget inneber og at det kjem ein bom som skal stå ved Nordhordlandsbrua. I tillegg til ny riksveg over Radøy, vert det ein del utbetringar av andre vegar i regionen samt trafikksikring. Rundkjøringar i Knarvik er og med.
Lindås kommune skal ta stilling til Nordhordlandspakken seinare i dag. Vert det nei også der, betyr det mest truleg stopp for heile prosjektet slikt det no ligg føre.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt