Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Meland trugar med å levera bos til Bergen

Del | |
MELAND: Stenging av «Gjenbruken» i Knarvik opprører politikarane i Meland. ? Me vurderer å kutta med NGIR og levera bosset til Bergen på grunn av lang køyring til Kjevikdalen, seier ein mektig irritert ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik.
Publisert 27.04.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Ein samrøystes uttale frå formannskapet onsdag seier i uvanleg klare ordelag kva Meland meiner om styret sitt nedleggingsvedtak.
Det går ut på at stasjonen i Knarvik vert avvikla frå 1. april 2008. Frå då av skal folk i søre delen av området levera direkte til Kjevikdalen.
? Me ber styret om å vurdera dette vedtaket på nytt. Elles er det sannsynleg at me vurderer å melda oss ut or NGIR og tek kontakt med Bergen kommune, som er interessert i å ta imot meir boss, seier ordførar Åmdal Sandvik.
Ho viser til at for mange i Meland er det fire mil til Kjevikdalen.
? Og i tider der ein tenkjer miljøvern og mindre utslepp, er det ingen god politikk, seier Åmdal Sandvik. Ho viser til at stasjonen i Knarvik er svært mykje brukt av folk frå Meland. Vert det kutta ut, er det kortare veg for folk å levera boss til stasjonen Bergen kommune har i Hordvik-området.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt