Melandsøstre får sjansen
Endret 20.08.07 10:49
Headhunta av NRK
Dei unge musikarane er nemleg plukka ut til å vera med i ny talentkonkurranse som skal sendast på NRK1 i haust. Jentene vart nærmast «headhunta» av fjernsynskanalen.
? Me vart oppringt av NRK-programleiar Dan Børge Akerø. Han fortalde at han nylig hadde sett oss under innspelinga til eit innslag i Beat for beat og spurte om me var interesserte i å vera med, seier Ingelin Garnes Reigstad. Ho er overraska og veldig glad over å få eit slikt tilbod.
? Det er rett og slett ein kjempesjanse. Me får sjansen til å gjera musikken vår kjent og er med i konkurransen om ein pengepremie. Det økonomiske er viktig når ein vil satsa vidare på musikken, seier ho.
Satsar på musikk
Dei siste tre åra har Garnes Reigstad-søstrene satsa fullt og heilt på musikkinteressa.
Dei kallar seg for «Garness» og har planar om å gje ut eiga plate. For tida bur begge to i Oslo og arbeider med å utvikla musikken sin. Dei syng popmusikk, viser, og spelar sjølv gitar og ei rekkje andre instrument.
Songane skriv dei også sjølv. I Kjempesjansen-konkurransen skal jentene synga ein eigenkomponert song som heiter «Loose treads».
? Me var litt usikre på kva song me skulle velja. Me bestemte oss til slutt for denne. Det er ein song som har fungert godt live og det er ein song som mange nok vil kjenna seg igjen i. Songen handlar om å ikkje heilt ha kontroll over livet sitt. Å ha eit hektisk liv med mange ting som skjer på ein gong. Då hender det at ein nesten vert lamma og kjenner det som om ein ikkje får gjort noko, seier ho.
Direktesendt
Garnes Reigstad fortel at kjempesjansen er eit direktesendt program.
? Det er ein ny og uvant situasjon for oss. Me vert nok veldig nervøse, men eg er sikker på at det vert kjempegøy, seier ho.
Programmet er lagt opp slik at publikum i heimane kan senda tekstmeldingar og stemma fram deltakarane.
? Det vert spanande å sjå kor langt me kjem. No håpar eg berre at det er mange som stemmer på oss, seier ho.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





