Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Men gjerdet var  lovleg likevel!

Men gjerdet var lovleg likevel!

Del | |

KNARVIK: Fylkesmannen påpeikar feil sakshandsaming for gjerdet kring Bjarne Foss-tomta.

Publisert 15.02.12 16:06
Endret 15.02.12 16:06

Papirbunken er etter kvart høg for det meterhøge gjerdet kring Foss si tomt i Knarvik, nabotomta til Reklamehuset. Gjerdet er sett opp i grensemerket, og har sidan oppføringa merdverka til eit kutt i talet på parkeringsplassar kring nabobygget. Ein del av Reklamehuset sine opphavleg innmelde parkeringsplassar er ikkje tilgjengelege utan å kjøra over tomta til Foss, noko som gjerdet effektivt stoppar.

Kommunen har i fleire omgangar kome med innvendingar på gjerdet, og Bjarne Foss har via sitt selskap fått pålegg om å ta det vekk.

Saka har vore fleire rundar til klage­handsaming hjå Fylkesmannen i Hordaland, men i den siste runden der har saka teke ein ny vri.

Fylkesmannen skriv at kommunen ikkje har handsama saka riktig i den tida som har gått sidan gjerdet sist var ein runde innom Statens Hus i Bergen.

Tvert om meiner Fylkesmannen at gjerdet per i dag formelt sett er godkjent av kommunen.

Angreip klagen
Kommunen har i fleire rundar gjeve pålegg om fjerning, med trugsmål om tvangsmulkt. I januar 2011 vart det gjort eit slikt pålegg, som Foss påklaga til Fylkesmannen, og som Sponheim og kompani tok stilling til i juli 2011. Og her startar klusset, les berre kva Fylkesmannen skriv om dette:

– I vedtak av 7. juli 2011 oppheva Fylkes­mannen kommunen sitt vedtak om pålegg og tvangsmulkt. Vårt vedtak innebar at kommunen på ny måtte vur­dera om det var grunnlag for å gje pålegg om riving, og eventuelt fatta nytt vedtak om dette, heiter det i siste brev frå Fylkesmannen i gjerdesaka, som kom til kommunen ved juletider 2011.

Men av neste oversending frå Lindås kommune konkluderer Fylkesmannen med at kommunen har rota det til.

– Av oversendinga i september 2011 går det fram at kommunen ikkje har fatta nytt vedtak om pålegg. Kommunen har i staden handsama klaga frå Foss på nytt, og så sendt klaga til Fylkesmannen for klagehandsaming.

For dei som heng med enno, Fylkesmannen påpeikar altså at det ikkje er vits i for kommunen å ta klaga frå Foss opp til ny handsaming, når Fylkesmannen har gjeve Foss medhald og oppheva det vedtaket Foss klaga på.

Godkjent i 2008
Med bakgrunn i dette vil ikkje Fylkesmannen gjera meir i denne omgang:

– Det ligg såleis ikkje føre noko nytt pålegg, og følgjeleg heller ingen ny klage som Fylkesmannen kan ta stilling til. På denne bakgrunnen vert saka returnert til kommunen for vurdering av om det er grunnlag for å gi pålegg, heiter det i brevet.

Tvert om les Fylkesmannen seg fram til at gjerdet er godkjent av Lindås kommune, etter eit vedtak i plan- og miljøutvalet heilt tilbake i 2008.

– Vedtaket vart påklaga og så omgjort av kommunen, men omgjeringsvedtaket vart oppheva av Fylkesmannen. Sakshistorikken viser ikkje at kommunen etter dette har endra vedtaket av 9. april 2008, skriv Fylkesmannen i sitt brev.

Kommunen kommenterer
Strilen har spurt Lindås-administrasjonen om kommentar til brevet frå Fylkesmannen. Svaret frå kommunen er «Brevet frå Fylkesmannen er til no ikkje blitt handsama, på grunn av stor saksmengde. Byggesaksavdelinga arbeider med saka, og vil tilskrive tiltakshavar».


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt