Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

M/F «Jondal» trafikkerer Fensfjordsambandet

Del | |
Ferjesambandet Leirvåg - Sløvåg -Skipavik opna i 18-tida onsdag for trafikk att etter uhellet onsdag morgon i Skipavik. HSD sette då inn ei ny ferje i sambandet. 
Publisert 10.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
I ei melding frå HSD heiter det at kaien i Skipavik, som fekk skader då M/F «Eidfjord» onsdag morgon braste inn i ferjekaien, vert nytta med hjelp av kran.
? Me har ein mobilkran på staden for å løfta og senka ferjebrua, seier informasjonssjef Arild Sondre Sekse i HSD.
Ferjebrua er den delen av kaien som vert heva eller senka for å koma på nivå med ferja. Sylindrane på ferjebrua vart skadde i samanstøyten, og til desse er ordna må ein ha hjelp av kran.

Teknisk svikt
Dei som bur på Sandøy, Mjømna eller Byrknesøy i Gulen var heile dagen onsdag utan bilferje etter uhellet, som etter det HSD har funne ut skuldast tekniske problem på ferja.
? Våre inspektørar har vore og sett på ferja, og undersøkt maskin og naudstyresystem. Dei har funne ut at det var ein teknisk svikt, seier Sekse.

Redusert kapasitet
M/F «Eidfjord» vart onsdag kveld slept til Bergen, og skal reparerast på BMV.
? Me har fått opplyst at arbeidet vil ta to til fire dagar, seier informasjonssjef Sekse.
Sambandet har no redusert kapasitet, då ferja M/F «Jondal» berre har kapasitet til 35 bilar, mot 75 bilar på M/F «Eidfjord».
? Før helga skal me ha på plass ei ferje med like stor kapasitet som «Eidfjord», om det då ikkje vert «Eidfjord» som kjem attende.

«Eidfjord» frå 1975
Ekstraferja som no er sett inn er henta frå sambandet Halhjem - Våge, slik at ferje 2 i dette sambandet er innstilt inntil vidare, heiter det i meldinga frå HSD.
M/F «Eidfjord» vart levert frå Løland Verft, Leirvik i Sogn, i 1975. Innan næringslivet i Gulen er det fleire som har teke til orde for at ferja er for gamal til å nyttast i sambandet.
Ferja som no er sett inn mellombels, M/F Jondal, vart levert frå Mjellem & Karlsen i Bergen i 1974.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt