Millionrekning for barnehagar
RADØY: Kommunen får rekninga for unge radværingar med barnehageplass i andre kommunar.
Endret 26.08.11 17:48
Ei ny forskrift om lik handsaming av private og offentlege barnehagar skapar økonomisk trøbbel for Radøy.
Kommunen får rekninga for born utan lovfesta rett til barnehageplass, der foreldra har ordna plass i private barnehagar i andre kommunar.
På tampen av juni dukka rekningane opp for plassar i bruk første halvår, Bergen kommune vil ha 420.000, Lindås anslår at dei skal ha 700.000 kroner, og Meland har også meldt seg på og vil ha pengar av radværingane.
– Om ein privat barnehage får eit barn inn, så har dei krav på refusjon frå kommunen sin, som igjen kan krevja refusjon frå barnet sin heimkommunen, seier Helge Vallestad, rådgjevar for oppvekst i Radøy kommune.
Dette gjeld også barn som ikkje har lovfesta rett på plass: Som er eitt år innan 1. september 2011, og der foreldra har søkt innan fristen.
– Borna kan avvisast i Radøy utan at me bryt lova. Får dei så plass i Bergen, vil Radøy måtta betala refusjonen til Bergen kommune.Ordninga gjeld berre private barnehagar. Får Radøy-born ein slik plass i ein offentleg barnehage i nabokommunane, kan ikkje denne kommunen automatisk krevja refusjon, kunne Vallestad torsdag forklara formannskapet i Radøy.
Ut av det blå
Millionrekninga kom ut av det blå for kommuneadministrasjonen, sidan dette ikkje er eit barnehageopptak som dei kjenner til på førehand. Det einaste Vallestad er nokolunde trygg på, er at det i desember kjem tilsvarande rekningar på totalt rundt ein million kroner.
Rådmann Christian Fotland sa til formannskapet at desse reglane alt var tekne opp med Fylkesmannen, og tilbakemeldingane derifrå var at embetet alt såg på saka.
– Når det gjeld skuleelevar i andre kommunar har kommunen full kontroll, når det gjeld barnehageplassar er det fri flyt, seier Fotland.
Les meir i papiravisa laurdag.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





