Millionutbytte til BKK-kommunar
Endret 20.08.07 10:49
Lindås kommune hadde budsjettert med 8,9 millionar kroner i utbytte frå BKK. Dersom BKK-styret sitt forslag til deling av utbytte vert gjennomført får kommunen 3,1 millionar meir enn budsjettert.
? Dette vert ein reserve for kommunen, seier økonomisjef i Lindås kommune Vidar Kolstad.
Disponeringa av BKK sitt overskot skal godkjennast av generalforsamlinga, som finn stad i april.
Rekordresultat
BKK hadde i 2005 ein omsetnad på 3.291 milliardar kroner, og meir enn kvar tredje krone sat dei altså att med i driftsresultat før skatt.
? Dette er det beste resultatet i BKK si historie. Rekordstor produksjon av vasskraft er hovudgrunnen til dei svært gode tala, skriv konsernsjef Atle Neteland i ei pressemelding.
BKK har i følgje pressemeldinga også auke innan andre tenester, som alarm og breiband.
No går altså mange millionar av kroner ut til eigarane, i tillegg til at enkelte kommunar også hentar inn ein del millionar i eigedomsskatt. I alt betalar BKK 92 millionar kroner i eigedomsskatt, dette kjem i tillegg til andre skattar og avgifter på i alt 515 millionar
Meir vatn
Det var per 31. desember 2005 meir vatn i magasina enn normalt, noko som nok kjem godt med no ettersom det har kome lite nedbør utover seinvinteren.
Samla kraftproduksjon i 2005 var 8132 GWh mot 6323 GWh i 2004. Straumforbruket i BKK sitt nettområde låg på 7298 GWh i 2005, ein auke på 9,6 prosent.
BKK er eigd av Statkraft og 17 kommunar mellom Sognefjorden og Hardangerfjorden.
Eigar: Eigardel: Del av utbytte for 2005:
Statkraft Holding AS 49,90 % 307.883.000
Bergen kommune 37,75 % 232.917.500
Askøy kommune 2,48 % 15.301.600
Lindås kommune 1,95 % 12.031.500
Fjell kommune 1,89 % 11.661.300
Sund kommune 1,02 % 6.293.400
Kvam herad 0,90 % 5.553.000
Meland kommune 0,76 % 4.689.200
Radøy kommune 0,74 % 4.565.800
Voss kommune 0,62 % 3.825.400
Øygarden kommune 0,52 % 3.208.400
Austrheim kommune 0,43 % 2.653.100
Vaksdal kommune 0,37 % 2.282.900
Gulen kommune 0,27 % 1.665.900
Høyanger kommune 0,12 % 740.400
Fedje kommune 0,12 % 740.400
Masfjorden kommune 0,10 % 617.000
Granvin herad 0,05 % 308.500
99,99 % 616.938.300 kroner
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





